Stortinget montasje geir pollestad foto Lars Røed Hansen CC BY SA 2 5 11 marius 11
SAKSORDFØRAR: Geir Pollestad (Sp) er saksordførar for Frp sitt forslag i Stortinget - som skal diskuterast neste veke. Foto: Lars Røed Hansen-Wiki commons (CC BY-SA 2.5)/Marius Rosbach
Nytt

Ikkje fleirtal for flytting av GIEK

Forslaget om flytting til Ålesund er lagt dødt - diskusjonen om regionkontor held fram.

Marius Rosbach
18.03.2021

Eit fleirtal i næringskomiteen på Stortinget seier nei til Frp sitt forslag om å flytte eit samanslått eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge til Ålesund og Bergen.

Det kjem fram av komiteen si innstilling som ble lagt fram torsdag.

Saksordførar Geir Pollestad (Sp) er skuffa over at regjeringspartia saman med Arbeiderpartiet går mot å flytte eksporteiningane til Vestlandet.

– Senterpartiet har jobba hardt for å få til eit fleirtal for å flytte GIEK og Eksportkreditt til Vestlandet. Vi registrerer at fylkesparti og stortingsrepresentantar frå Høgre og Ap på Vestlandet har skapt eit inntrykk av at dei er for ei utflytting. No ser vi at dette var tomme løfter, seier Pollestad i ei pressemelding frå partiet.

Han har likevel ikkje heilt gitt opp at fleire parti skal slutte seg til forslaga om utflytting når saka skal opp til diskusjon i Stortinget neste torsdag.

Vil ha greia ut regional lokalisering
Fleirtalet i komiteen som består av regjeringspartia i tillegg til Ap og SV, går inn for at regjeringa skal utgreie ein sterkare regional lokalisering i viktige eksportregionar – og kome tilbake til Stortinget med saka.

GIEK/Eksportkreditt har i dag kring 140 tilsette som jobbar i Oslo. Unntaket er Eksportkreditt Norge sitt kontor i Ålesund, som er bemanna av Stig Gjethammer.

Det har vore sterke krefter i sving til fordel for Frp-forslaget om eit hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Bergen. Ålesund og Bergen har alliert seg i kampen. Samtidig har det vore sterke innvendingar frå sentrale høyringsinstansar.

Les heile innstillinga frå komiteen (ekstern lenke)

Senterpartiet vil ha pause
Samtidig har Senterpartiet kome på bana med eit anna forslag, som går ut på å vente med samanslåinga av GIEK/Eksportkreditt til den nye eininga som skal heite Eksportfinansiering.

Partiet vil ha utgreia ein modell som inneberer ei lokalisering av eksportinstitusjonane på Vestlandet.

Samtidig vil dei at regjeringa legg fram ein plan for å legge 200 statlege arbeidsplassar til Groruddalen – i staden for at GIEK/Eksportkreditt blir lokalisert dit.

Regjeringa seier nei
Regjeringspartia sine medlemmar i komiteen vender tommelen ned også for dette forslaget.

Dei meiner det er lite hensiktsmessig å sette omorganiseringa på pause, så lenge ein ikkje veit kva for statlege stillingar det kan vere snakk om å flytte til Groruddalen.

Eit interimstyre har fått frist til å ha ei operativ ny eining på plass frå 1. juli – anten i Groruddalen, eller eit tilsvarande område der «verksemda vil gi størst bidrag til utviklinga i Oslo og sentrale kommunar i Oslo-området», som det heiter i mandatet.

Opnar for regionkontor - seinare
Høgre, Venstre og KrF viser til svaret frå næringsminister Iselin Nybø, som opnar for ei anna organisering på eit seinare tidspunkt – som også kan tilseie eitt eller fleire lokalkontor.

Nybø erkjenner at avgjerda om å legge den nye eksporteininga til
Oslo-området, går på tvers av målsettinga om å etablere fleire statlege arbeidsplassar i distrikta.

Ho meiner likevel at eit velfungerande verkemiddelapparat, er så viktig at regjeringa vil legge mest vekt på å sikra verdiane til staten og kontinuiteten for den vidare drifta.

Publisert: 18.03.2021 15:05

Sist oppdatert: 18.03.2021 23:06

Mer om