Skulesamarbeid med næringslivet
Hav Group gir servarar til Ulstein-skule og Herøy-skulane startar samarbeid med næringsforumet.
Fosnavåg-selskapet HAV Group har donert ti serverar til Ulsteinvik Vidaregåande Skule (UVS), som eit bidrag til opplæring og kompetanseheving innan IT-driftsfaget, blir det opplyst i ei pressemelding.
HAV Group opplyser at selskapet i lang tid hatt eit godt samarbeid med UVS gjennom å tilby praksisplassar for elevar innan IT. No kan dei snart 20 år gamle serverane ved skulen skiftast ut.
- Eit samfunnsansvar
Det blir vist til at i Hav Group er IT-avdelinga ein støttefunksjon for konsernet med alle dotterselskap og har totalt 120 servarar i drift. Lærlingane som er tilsette i Hav Group får sjansen til å jobbe tett mot dei tilsette gjennom Hav Helpdesk, der dei får vere i kontakt med tilsette på selskapets lokasjonar i både Norge, Tyrkia, Polen og Kroatia.
- I Hav Group ser vi på det å ta inn lærlingar som skal ta fagbrev som eit samfunnsansvar. Vi har veldig god erfaring med elevane frå UVS og vi har til ei kvar tid to lærlingar på vår IT-avdeling, opplyser Robert Gjerdsbakk, ICT Manager i Hav Group.
Herøy-samarbeid
Samstundes har ungdomsskulane i nabokommunen Herøy tatt initiativ til å etablere eit tettare samarbeid med lokale bedrifter for å hjelpe elevane med å utforske og bli kjent med moglegheitene for yrke og arbeid i lokalsamfunnet.
Kommunen og næringsforumet sender no brev til bedriftene i Herøy og oppfordrar dei til å registrere seg som såkalla ja-bedrifter. Å vere ei ja-bedrift betyr å vere positiv til å samarbeide med skulane.
– Vi ønsker både store og små ja-bedrifter med i prosjektet, seier Sølvi Lillebø Remøy, kommunalsjef for kultur og oppvekst.
– Det er viktig at næringslivet får vist seg fram for ungdomen. Det er grunntanken bak dette, seier dagleg leiar Sissel Ødegård i Herøy Næringsforum.
Bidra i undervisninga
Dei to aktørane skriv i brevet at dei vil sette stor pris på alt samarbeid mellom bedriftene og ungdomsskulane, både omfattande og mindre omfattande.
Planen er at ja-bedriftene mellom anna kan
- bidra med faglege tema i undervisninga på skulen
- ta imot bedriftsbesøk
- ha elevar på utplassering
- informere elevane om bedrifta
– Vi ønskjer at elevane skal bli betre kjende med moglegheitene for yrke og arbeid lokalt, og håpar med dette også å styrke rekrutteringa til bedriftene. Vi har som mål at skulen skal verte meir praksisorientert, og stimulere elevane til utforsking og entreprenørskap, heiter det i brevet til bedriftene.
Innovasjonscamp 2023
I haust ønsker niande trinnet ved Ytre Herøy ungdomsskule og Stokksund skule å arrangere ein innovasjonscamp. Det skal skje saman med den ideelle organisasjonen Ungt Entreprenørskap.
Kommunen og næringsforumet inviterer bedriftene i Herøy til å ta del i innovasjonscampen, som blir ein del av faget Utdanningsval. Målet med faget er å gjere elevane i stand til å ta gode utdannings- og yrkesval.
Publisert: 16.05.2023 16:02
Sist oppdatert: 16.05.2023 18:02