X bow greg mortimer 11
GLOBALT DOMINERANDE: Kina sin skipsindustri er blitt globalt dominerande dei siste tiåra. Her er eit mindre cruiseskip med design frå Ulstein Group klart for dåp i 2019. Foto: Ulstein Group
Nytt

Slår alarm om skipsbygging i Kina

Forskar meiner skipsbygging i Kina er eit trugsmål mot Noregs tryggleik.

19.03.2025

NPK-NTB: Noreg har vorte avhengige av Kina for å få bygd skip. Forskar Ståle Ulriksen meiner det truar Noregs tryggleik, og støttar Donald Trumps planar om høg avgift på kinesiskbygde skip:

Den norske handelsflåten inngår som ein sentral del av det norske totalforsvaret, altså planane for korleis det militære og sivile skal samarbeida for å verna landet i konfliktar og krig. Totalforsvaret er òg knytt til Nato.

45 prosent bygd i Kina
– Eitt av dei norske bidraga som har vore ordentleg viktig for alliansen, har vore handelsflåten, seier forskar Ståle Ulriksen ved Forsvarets høgskole til Dagens Næringsliv.

45 prosent av nye norske utanriksskip blir no bygde i Kina.

Usunn dobbelkommunikasjon
– Vi må ta dette på alvor. Noreg, som er så avhengig av havet, må sjå på handelsflåten og skipsbygging som ein strategisk ressurs. Vi i Vesten har ein mykje dårlegare posisjon no enn for berre ti år sidan, og ein vanvitig mykje dårlegare posisjon enn for 30 år sidan.

– På den eine sida er ein bekymra for kinesisk spionasje, både E-tenesta og PST åtvarar om dette. Samtidig gjer Noreg store framstøytar mot kinesisk industri. Det er ein dobbeltkommunikasjon og ei fråkopling som er veldig usunn. Om det først smell, blir det ein stor kollaps. Mykje større enn han kunne vore, seier han.

Publisert: 19.03.2025 10:04

Sist oppdatert: 19.03.2025 10:04