AVTALE Statsminister Erna Solberg H presenterte fredag ein ny frihandelsavtale med Storbritannia Foto Gorm Kallestad NTB NPK
AVTALE: Statsminister Erna Solberg (H) presenterte fredag ein ny frihandelsavtale med Storbritannia. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Slik er frihandelsavtalen med Storbritannia

Fekk ikkje full frihandel med sjømat. Viderefører dagens kvotar og tollsatsar.

NPK-NTB-Johan Falnes: Storbritannia er i dag den tredje største eksportmarknaden for norsk sjømat målt i volum og det femte største målt i verdi, og Noreg gjekk inn i forhandlingane med eit mål om full frihandel med sjømat.

Det vart ikkje oppnådd. I staden blir i hovudsak dagens kvotar og tollsatsar vidareførte.

Men Noreg får nulltoll på frosne reker frå 2023, med ei nedtrapping fram til dette. Frosne pilla reker er det viktigaste norske rekeproduktet for eksport til Storbritannia.

Avtalen vidarefører tollfridom for fersk og frosen heil kvitfisk, og det blir gitt tollfridom for frosen filet av hyse og sei. Det blir òg gitt ein kvote på 4.000 tonn frosen filet av torsk.

Ingen kvotar for sensitive landbruksvarer
Storbritannia får kvotar på ost, svin, skinke, pølser og kylling i den nye frihandelsavtalen med Noreg.

I den nye frihandelsavtalen er det ikkje gitt nokon kvotar for sensitive norske jordbruksvarer som storfekjøtt eller sau og lam.

Ostekvoten blir samtidig ståande på 299 tonn, uendra frå i dag.

Men britane går ikkje heilt tomhendt frå forhandlingane, der dragkampen om jordbruk utan samanlikning har vore det vanskelegaste punktet:

* Noreg gir britane kvotar på 100 tonn svinekjøtt og 100 tonn skinke. I tillegg blir det gitt 50 tonn ribbe for desember.

* Storbritannia får kvotar på 120 tonn pølser og 158 tonn fjørfekjøtt.

* I tillegg blir det gitt mindre kvotar på egg, jordbær, såfrø, eple, isbergsalat, potet og plantar.

Noreg får på si side ein ostekvote på 513 tonn inn mot Storbritannia.

Nulltoll for industrien
Totalt sett er Storbritannia den største handelspartnaren Noreg har etter EU.

Berre i 2020 eksporterte norske bedrifter varer for nesten 135 milliardar kroner til Storbritannia, medan importen låg på om lag 42 milliardar kroner.

Avtalen som no er inngått, sikrar framleis nulltoll for industrivarer.

Noreg og Storbritannia får dessutan på plass eit nytt rammeverk for tenester og investeringar. Men avtalen vil ikkje opne for fri rørsle av personar, slik EØS-avtalen gjer.

Avtalen forenklar likevel handelsbyråkratiet ved å leggje til rette for full digitalisering av papirarbeidet.

Det blir òg opna for gjensidig deltaking i offentlege anbod.

I tillegg blir sikra gjensidig godkjenning av yrkeskvalifikasjonar.


Publisert: 04.06.2021 14:30

Sist oppdatert: 04.06.2021 14:38