Slutt for Furnia systemet
HEILT SLUTT: Då furumøbelboomen ebba ut blei Sandvik Møbler (biletet) i Ørsta flytta til Sykkylven og blei ein del av Furnia-systemet. No er det kroken på døre for godt.
Nytt

Slutt for Furnia-systemet

Sandvik Møbler, den siste aktive bedrifta i Furnia-systemet til Gunnar Sandnes og Bjørn Våtmyr, er konkurs.

28.08.2014
Tidlegare i sommar gjekk både Furnia og Ra-Jo Møbler overende. (Sjå relaterte saker). Då vona Sandnes og Våtmyr å drive vidare gjennom Sandvik Møbler.
- Det blir det ikkje noko av no, seier bustyrar Reidar Aambø i advokatfirmaet Øverbø & Gjørtz. I morgon, fredag 29. august skal han møte leiinga og panthavarane i selskapet for å få oversikt over situasjonen.

Ingen tilsette

I følgje opplysninga som blei gitt då Sandvik Møbler melde oppbod hadde selskapet ei gjeld på 13 millionar kroner og åtte millionar i eigendelar. Den siste tilgjenglege reknskapen for selskapet - frå 2012 - viser 27 millionar kroner i driftsinntekter og eit underskot på 2,8 millionar kroner.

Sparebank 1 SMN er størst kreditor med eit krav på knappe seks millionar kroner.
Selskapet har ingen tilsette.

Samla i Sykkylven

Furnia og Ra-Jo Møbler, som gjekk konkurs tysdag 22. juli, hadde tilsaman 17 tilsette.
Furnia blei etablert som Vest Møbelimport i i 2006, men skifta namn til Furnia i 2012.
Selskapet var eigd av møbelinvestorane Gunnar Sandnes og Bjørn Våtmyr, og sto ved konkursen som eineeigar i Ra-Jo Møbler, majoritetseigar i Sandvik Møbler og eineeigar i Vest Møbel.
Selskapa var samla under same tak, som leigetakarar i ein del av bygget som tidlegare husa møbelkonsernet Hjellegjerde i Sykkylven.

Slutt med furubølgja

Sandvik var tidlegare ein av dei fire store furumøbelprodusentane i Noreg, men fekk store vanskar då furumoten ebba ut.
Sandvik hamna i Furnia-systemet, og den produksjonen som var att blei flytta frå Ørsta til Sykkylven.
Sandvik hadde ikkje eigne tilsette, men var likevel det største produksjonsselskapet under Furnia-paraplyen. Dei som arbeidde i selskapet var tilsette i andre selskap i Furnia-systemet.
Fabrikkbygget i Ørsta er i dag eigd av Håvoll Industrieiendom, der selskapet Brødrene Ekornes Industri er største eigar, med ein post på 63,1 prosent. Karl Blakstad Ekornes eig 51 prosent av Brødrene Ekornes Industri.
.

Publisert: 28.08.2014 16:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37