Daniel Garden foto Ogne
FERDIG: Daniel Garden har ledet den maritime klyngeorganisasjonen i Ålesund. Nå skifter han snart jobb. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sluttar i GCE Blue Maritime

Daniel Garden har fått ny jobb.

12.06.2023

1. september byrjar GCE Blue Maritime-sjef Daniel Garden som toppsjef i Maritime Montering Group fortel han på Linkedin.

Garden starta som prosjektleiar for GCE Blue Maritime Cluster frå 1. september 2021. Han kom frå jobben som dagleg leiar i Ulstein Næringsforum der han hadde vore sidan juli 2019. Før han byrja i Ulstein Næringsforum hadde han hatt leiarstillingar i det franske konsernet Saint Gobain i sju og eit halvt år.

Skipsinteriørselskapet Maritime Montering Group, med datterselskapet Maritime Montering, er eigd av Steffen Andrè og Odd Knut Birkeland.

800 tilsette
Maritime Montering-konsernet hadde 488 millionar kroner i driftsinntekter og 71 millionar kroner i resultat før skatt i 2021, som er sist tilgjenglege rekneskap.

Hovudkontoret er på Bygstad i Sunnfjord, med avdelingar i Polen, Romania, Tyrkia, Nederland, India og Kina. Selskapet har og ein fabrikk i Polen som produserer møblane selskapet monter i skipa.

Garden skal kombinere heimekontor i Ørsta med å arbeide frå dei ulike avdelingane i selskapet.

Gamle kjente
Garden kom til GCE Blue Maritim i det klyngeorganisasjonen setter kurs mot målet om utvikle klynga til å vere leiande i overgangen til bruk av utsleppsfrie drivstoff.

Timinga for sjansen til eit jobbskifte er ikkje optimalt, vedgår Garden.

- Det er litt dumt å forlate klynga før ein har fått gjennomført det ein har starta på, seier Garden.

Han seier har har kjent Maritime Montering sidan tidleg i si maritime karriere, og at bransjen og det å arbeide internasjonalt er noko han kjenner godt og føler seg heime i.

Det var Steffen Andrè Birkeland som tok kontakt med eit tilbod i mai og fredag 26. mai orienterte Garden styret om jobbskiftet.

Vil starte jakten på erstattar
Njål Sævik er leiar for styringsgruppa i CGE Blue Maritime og fortel at han har vore informert om jobbskiftet.

- Vi har også informert våre tilsette i ÅKP-miljøet og styringsgruppa dei siste dagane, seier han.

Han seier dei vil starta arbeidet med å finne ein erstattar i samarbeid med styret i ÅKP.

Publisert: 12.06.2023 14:19

Sist oppdatert: 12.06.2023 15:51

Mer om