Konrad Llillevang Wenche Uksnøy Daniel Garden foto Marius Rosbach
KLYNGELEIARANE: NETT NO møtte klyngeleiarane Konrad Lillevevang (NCE Ikuben), Wenche Uksnøy (Blue Legasea) og Daniel Garden (GCE Blue Maritime) for å høyre om utfordringar og løysingar framover. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Slik vil klyngene møte utfordringane

Nordvestlandet sin posisjon som «eksportmeistrar» blir utfordra dagleg. Vi spurte klyngeleiarane korleis regionen kan halde på forspranget.

Marius Rosbach
02.01.2023

Nordvestlandet har større tettheit av næringsklynger enn dei fleste. Leiarane for dei tre næringsklyngene Ikuben, Blue Legasea og Blue Maritime er samde om at det er eit godt utgangspunkt – men at dei heile tida må vere «framme i skoa».

– Posisjonen som landets fremste eksportregion forsvinn fort, om vi ikkje heile tida er spissare enn dei andre, seier Konrad Lillevevang.

Han er leiar for den tverrfaglege klynga NCE Ikuben med base i Molde og medlemmar over heile landet.

NETT NO møter han saman med Wenche Uksnøy i NCE Blue Legasea som organiserer bedrifter i marin industri, og Daniel Garden, som leiar klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime.

Dei er samde om at det grøne skiftet er den viktigaste drivaren for alle, og at tilgangen på arbeidskraft er den største felles utfordringa.

Forsøksvis oppsummerande stikkord for løysingane, er å sjå på alt «for å knipe hundredelar», ta i bruk mogleggjerande teknologiar og dyrke verdikjedene i dei tette klyngene.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

– Ei kritisk utvikling
Dei tre klyngeleiarane er samde om at dei med base i Møre og Romsdal har nokre openberre felles utfordringar. Ikuben-leiaren går rett på det dei meiner er ein av dei største: Ei aldrande befolkning.

– Grafane for befolkninga viser at vi i 2030 vil ha fleire pensjonistar, enn søkarar til vidaregåande opplæring her i fylket. For Møre og Romsdal, som den sterkaste eksportregionen i landet, er det ei kritisk utvikling, seier Lillevevang.

Kombinert med sentralisering og at heile Norge - og verda - posisjonerer seg, skapar det ei felles kjempeutfordring, meiner han.

Difor meiner Ikuben-leiaren ein bør tenke smart både i korleis ein hentar arbeidskraft, og ikkje minst etterutdannar folk og sørger for at dei blir buande i regionen.

Ein av grunnane til at regionen står sterkt, er at desse klyngene har komplette verdikjeder
Wenche Uksnøy

Vil dyrke verdikjedene
Lillevevang held til i Molde, men møter ofte dei to andre klyngeleiarane som har kontor i kvar sin etasje i NMK-bygget på Campus Ålesund.

– Ein av grunnane til at regionen står sterkt, er at desse klyngene har komplette verdikjeder. Då kan du gjere mykje ved samarbeid mellom bedrifter frå ulike ledd. Det er ikkje alle som har dei moglegheitene vi tre klyngene har saman, seier Wenche Uksnøy.

Ho trur det å dyrke verdikjedene er éin måte regionen kan hevde seg.

«New Blue Deal» som den nye strategien til den maritime klynga heiter, legg nettopp vekt på at industrien på Nordvestlandet har «alle» løysingane som trengst til det grøne skiftet til sjøs.

– Hos deltakarane i vår klynge har samarbeidet vore tett knytt til konkret business, samtidig som det har vore nyttig å løfte desse temaene i andre arenaer. Det har gjort at medlemmane har prioritert å delta, fortel Blue Maritime-leiar Daniel Garden.

Konrad Llillevang Wenche Uksnøy Daniel Garden foto Marius Rosbach 22
MYKJE SAMARBEID: Dei tre næringsklyngene har god erfaring med samarbeid på tvers av regionen. Daniel Garden (t.v.) og Wenche Uksnøy held til i kvar sin etasje på NMK-bygget ved Campus Ålesund. Konrad Lillevevang har kontor i Molde.

– Kan få ned terskelen
Sjølv om robotsveis og 3D-printing ikkje har vist seg å vere redninga for den maritime industrien, meiner Garden det er viktig å utforske moglegheitene.

– Ei av rollene klyngene har, er at vi kan få ned terskelen for å prøve ut nye ting og spreie risikoen ved at fleire samarbeider, seier han.

Han meiner å sjå eit mønster der dei mest aktive klyngebedriftene – som er nysgjerrige og samarbeidsvillige, også gjer mest suksess og får mest merksemd i media.

– Vi får tilbakemeldingar om at våre medlemmar får meir igjen for å delta i klyngesamarbeidet, enn dei venta seg, legg Uksnøy til.

Moglegheiter på langs og tvers
Ikuben-leiar Lillevevang er ikkje i tvil om at dei største moglegheitene til regionen bokstavleg talt ligg på langs av kysten, men også på tvers av bransjar. Sjølv representerer han ei tverrindustriell klynge der medlemmane er alt frå store aluminiumsprodusentar til verft og mindre ikt-bedrifter.

– Det har ein veldig stor verdi å delta i ei av desse næringsklyngene og diskutere direkte med bedrifter frå andre bransjar. Openheita er stor og du får direkte respons, seier Lillevevang.

Han meiner samarbeid og deling på tvers av bransjar og fag, skaper felles konkurransekraft.

– Å kalle det eit konkurransefortrinn er kanskje å dra det litt langt, men desse klyngene er absolutt ein styrke for næringsstrukturen i Møre og Romsdal, legg han til.

Fire trendar påverkar eksporten
Lillevevang peiker på fire trendar som påverkar nær sagt alle bedrifter med eksportretta verksemd.

Klyngeleiarane er samde om den viktigaste drivaren – det grøne skiftet. Dette er utfordringa alle bedrifter må lukkast med, eller risikere å bli utkonkurrerte.

I tillegg peiker Ikuben-leiaren på overgangen til meir automasjon, endringar i globale handelsmønstre og mangelen på folk og ressursar til å få jobben gjort.

Frå hans ståstad bør Norge satse meir på såkalla mogleggjerande teknologiar som 3D-printing og robotisering for å nå målet om å auke eksporten med 50 prosent innan 2050.

– Då er det avgjerande at vi klarer å flytte heim større delar av produksjonen og lage meir ferdigvarer i Norge. Det skjer ikkje over natta, men i våre næringar ser vi at utviklinga går raskare og raskare, og for mange er utfordinga å i det heile tatt klare å henge med, seier han.

Ser på alle ledd for å «knipe hundredelar»
I den maritime bransjen har det grøne skiftet vore mykje snakk om val av alternative framdriftsløysingar til diesel og tungolje. Men i tillegg til batteri, gass, hydrogen og ammoniakk, handlar omstillinga også om ei rekke andre ting.

– Energien må kome frå ei fornybar kjelde i framtida. Samtidig har du «alt det andre» som gjeld fartøyet og drifta. Det går på alt frå skipsoperasjonar til utstyret om bord, og her har vi funne vårt rom som klynge, fortel Daniel Garden.

Han samanliknar arbeidet med korleis idrettsutøvarar ser på alle ledd for å «knipe hundredelar».

– Alt handlar eigentleg om å ta grep som fører ein lengre, er grønare, smartare eller billigare. Det gjeld uansett om det er skip, matvarer eller anna industri, seier Garden.

Trur på auka fordel for norske råvarer
Medan koronapandemien vart ein ny trøkk for store delar av den maritime industrien, kom bedriftene til Wenche Uksnøy i Blue Legasea-klynga meir heldig ut.

Eit trekk er til eksempel at ein del sjømat som i hovudsak har vore servert på restaurantar, óg fann vegen til forbrukarar i supermarknadene.

– Pandemien førte også til ei bevisstheit kring helse, som kan vere positivt for norske råvarer, både når det gjeld marine ingrediensar, og det vi elles kan levere frå havet, trur Uksnøy.

Ho viser til at regionen mellom anna har ein blomstrande Omega-3-industri som eksporterer i stadig større volum.

Bør óg vurdere meir produksjon i utlandet
Blue Maritime-leiar Daniel Garden er tilhengar av heimleg produksjon, men på ei rekke område meiner han det vil vere urealistisk.

Han trur difor på ei omdefinering av kva som blir kalla eksport. Garden meiner norsk næringsliv óg bør utforske moglegheitene for avdelingsbasert produksjon andre plassar i verda.

– Om til eksempel Kongsberg kan auke sin omsetning i Kina med å flytte noko produksjon dit, så bør det kanskje også reknast som eksport. Det vil vere ei norsk bedrift som aukar aktiviteten og verdiskapinga skjer i kraft av eigarskap, seier Garden.

– Om ein skal kapre store andelar i andre marknader enn her heime, kan det vere ein fordel å ikkje ha produksjonen langt vekke, legg han til.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

Publisert: 02.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 02.01.2023 09:41

Mer om