Kjetil Bollestad
FERDIG I METIZOFT: Den tidlegare verftsdirektøren Kjetil Bollestad, sluttar som direktør i Metizoft. Foto: Metizoft
Nytt

Sluttar som Metizoft-sjef

– No hard feelings, seier Kjetil Bollestad etter at han gir seg som toppsjef i Herøy-selskapet.

Marius Rosbach
08.04.2022

Kjetil Bollestad har slutta som som administrerande direktør i Herøy-selskapet Metizoft, kort tid etter han starta i stillinga.

– Vi vart einige om at det var best for begge partar at vi avsluttar no. Det er no hard feelings, seier Bollestad til NETT NO.

Han understrekar at det ikkje er noko dramatikk som ligg til grunn for beslutninga.

Bollestad gir uttrykk for at stillinga ikkje heilt var det han såg føre seg. Samtidig har avgjerda samanheng med endringsprosessar i Metizoft, som han ikkje vil uttale seg om sidan han formelt er ferdig i direktørjobben.

– Skal tenke meg godt om

Bollstad skal vere tilgjengeleg for Metizoft i ein overgangsperiode, men elles brukar han tida til å stake ut kursen vidare.

– Eg skal tenke meg godt om og vil sjå kva for moglegheiter som dukker opp, fortel han.

Rogalendingen trivst godt i den maritime klynga på Nordvestlandet, og påpeiker at han har meir erfaring med verft og industri, enn programvare.

– Kanskje er det nokre som vil leige meg inn, eller tilsette meg, slik at eg kan få utnytte den kompetansen, legg han til .

Var verftsidrektør på Kleven
Bollestad kom til Metizoft etter å ha vore verftsdirektør ved Green Yard Kleven. Bollestad tok over som verftsdirektør på Kleven sommaren 2019, etter å ha rykka opp frå stillinga som produksjonsdirektør.

Han var i direktørstillinga fram til november i fjor, sett vekk frå ein kort periode, etter konflikten med den tidlegare kroatiske verftseigaren Tomislav Debeljak.

NETT NO fekk fredag ikkje kontakt med Metizoft-sjef Gry Cecilie Sydhagen for ein kommentar.

Publisert: 08.04.2022 16:47

Sist oppdatert: 01.01.2023 13:58

Mer om