Sparebanken Møre la fram kvartalstal og halvårstal onsdag.
Banken har i kvartalet eit resultat etter skatt på 186 millionar kroner, 47 millionar kroner meir enn på same tid i fjor.
Halvårsresultatet auka med 45 millionar, og enda på 306 millionar kroner.
82 millionar kroner av dette kjem frå dotterselskapet Møre Boligkreditt, medan Møre Eiendomsmegling har bidratt negativt med ein million kroner.
Fiskerstrand er godt fornøgd.
- Vi er godt fornøgde med at vi betrar resultatet vårt i ei tid med lavare rentemarginar, lavare vekst og ein tøffare konkurransesituasjon, seier han i .
Fiskerstrand forventar at veksten i utlån til næringslivet vil stige.
- Fokuset vårt er retta mot å generere vekst på gode engasjement med eit akseptabelt risikonivå.
81 millionar kroner av dei tapsutsette engasjementa er til privatkundar, medan 48 millionar er til næringslivet.
Første delen av kontantvederlaget er på 38 millionar kroner i 2. kvartal etter amerikanske Visa Inc. sitt oppkjøp av Visa Europe, der mange norske bankar var blant aksjonærane.
I tillegg har banken hatt kursgevinst på 8 millionar kroner på sine obligasjonar.
- Dette er eit svært tilfredsstillande nivå, og ein reduksjon på 3,9 prosent frå tilsvarande periode i fjor, seier Fiskerstrand.
Banken har no 381 årsverk, fire færre enn for eitt år sidan.
Saka vert oppdatert.
Banken har i kvartalet eit resultat etter skatt på 186 millionar kroner, 47 millionar kroner meir enn på same tid i fjor.
Halvårsresultatet auka med 45 millionar, og enda på 306 millionar kroner.
82 millionar kroner av dette kjem frå dotterselskapet Møre Boligkreditt, medan Møre Eiendomsmegling har bidratt negativt med ein million kroner.
Fiskerstrand er godt fornøgd.
- Vi er godt fornøgde med at vi betrar resultatet vårt i ei tid med lavare rentemarginar, lavare vekst og ein tøffare konkurransesituasjon, seier han i .
- Akseptabelt risikonivå
Banken har no 51,1 milliardar kroner i utlån til privatkundar og 15,4 milliardar kroner til næringsliv og det offentlege.Fiskerstrand forventar at veksten i utlån til næringslivet vil stige.
- Fokuset vårt er retta mot å generere vekst på gode engasjement med eit akseptabelt risikonivå.
Små tap
Banken har liten eksponering mot den utsette offshorenæringa, og i første halvår utgjer tapusutsette engasjement berre 0,25 prosent av brutto utlån. Medan mange forretningsbankar har måtta auka dette beløpet, har Sparebanken Møre redusert beløpet med 131 millionar kroner dei siste 12 månadene.81 millionar kroner av dei tapsutsette engasjementa er til privatkundar, medan 48 millionar er til næringslivet.
Visa-gevinst
Ein del av banken sine auka inntekter skuldast salsavtalen mellom Visa Europa Ltd og Visa Inc, der banken i juni fekk stadfesta sin andel av eit samla kontantvederlag på 4,4 milliardar euro.Første delen av kontantvederlaget er på 38 millionar kroner i 2. kvartal etter amerikanske Visa Inc. sitt oppkjøp av Visa Europe, der mange norske bankar var blant aksjonærane.
I tillegg har banken hatt kursgevinst på 8 millionar kroner på sine obligasjonar.
Kuttar kostnader
Samstundes held banken fram med å kutte kostnader, der kostnadane i 2. kvartal utgjorde 38,5 prosent av inntektene.- Dette er eit svært tilfredsstillande nivå, og ein reduksjon på 3,9 prosent frå tilsvarande periode i fjor, seier Fiskerstrand.
Banken har no 381 årsverk, fire færre enn for eitt år sidan.
Saka vert oppdatert.
Publisert: 17.08.2016 09:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59