Thor Erik Andersen Mari Lene Korsnes foto Marius
NY SERVERINGSPLASS: På nyåret opnar Millennium Kafé med Thor-Erik Andersen som dagleg leiar og Mari-Lene Korsnes som konditoransvarleg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Snart opnar ny møteplass på Hareid

Serveringsverksemd får fleire bein å stå på i totalrenovert sentrumsbygg.

Marius Rosbach
12.12.2024

– Vi skal vere ein kafe for alle, seier Thor-Erik Andersen om den nye møteplassen som snart opnar på Hareid. 

På gateplan i bygget som tidlegare gjekk under namnet Hamnesenteret, opnar dei ny serveringsstad på nyåret. 

– Vi skal tilby alt frå lunsjrettar, konditor- og bakarvarer, overtidsmat, «grab and go»-mat, ramsar Andersen opp når vi ber han fortelje om tilbodet. 

I tillegg blir det sjølvsagt kaffidrikkar med meir. Møteplassen som får namnet Millennium Kafé – etter det totalrenoverte bygget. Dei skal ha ope allereie frå morgonen av.

Millennium cowork desember 2024 foto marius
FLEIRBRUKSBYGG: Det totalrenoverte næringsbygget sett frå sjøsida. Her blir det kontorfellesskap, møtelokale og kafé. Foto: Marius Rosbach

Planlegg opning på nyåret
– Det blir mogleg å spise frukost her og med ferske rundstykke, croissantar, kanelknutar, musli, og alt som høyrer til, fortel han vidare. 

Planen er å opne på nyåret i månadsskifte januar-februar. 

Nokre dagar i veka blir det «overtidsmiddag», som han omtalar som enkel husmannsrett til ein rimeleg penge.

– Då er målgruppa både bedrifter som vil hente mat til seg, eller dei som vil kome hit og spise, legg Andersen til. 

Thor Erik Andersen Mari Lene Korsnes foto Marius 2
FLEIRE AVDELINGAR: Thor-Erik Andersen og Lene-Mari Korsnes har allereie mykje klart sjølv om det er nær to månader til opning. Foto: Marius Rosbach

Får fleire bein å stå på
Kaféverksemda vil ha sju og eit halvt årsverk, og dei har allereie 11 tilsette på plass. 

Andersen fortel at dei både vil ha ein fast meny, og mikse litt etter behov og sesong. 

Drifta vil også basere seg på matleveransar til bedriftene og arbeidsfellesskapet som snart flyttar inn. 

I etasjen over kafeen er det eit utleigelokale som kan nyttast til selskap som dåp, eller konfirmasjonar. Det vil samstundes gi eit ekstra bein å stå på for serveringsverksemda. 

Mest lokale leverandørar
Til saman vil serveringslokale har 50-60 sitteplassar, fordelt på ein avdeling ut mot sjøen, ei lounge-avdeling og fleire «sitte-båsar». 

Interiøret er det Sporstøl Arkitektar som står for – og Ulstein-selskapet har også teikna resten av bygget. Limstrand Interiør i Sula har også levert interiør til kafélokala. 

– Det har i stor grad vore lokale leverandørar på heile bygget. Også kjøkenet er levert av eit Ålesund-firma, seier Andersen. 

Stor investering
Det er Brakali Group som står bak totalrenoveringa av bygget. 

Nett No har tidlegare fortald at investeringa ligg på kring 50 millionar utan moms for selskapet til Lillebø-familien.

Bygget i tre etasjar er på kring 1700 kvadratmeter. Her skal dei mellom anna flytte inn sjølv, og tilby kontor arbeidsfellesskap og fleire møtelokale. 

Sparebank Møre er første leigetakar som snart kjem på plass på gateplan. 

Publisert: 12.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 11.12.2024 18:57

Mer om