Nybrottsarbeid inspirert av fiskarbonden
Skal etablere anlegg i verdstoppen for sirkulær matproduksjon.
Kjøttprodusenten Edelgard er initiativtaker til eit ambisiøst prosjekt i Vestnes med mål om meir sirkulær matproduksjon.
Gjennom eit samarbeidsselskap er dei i full gong med å jobbe for lønnsam produksjon av sunn og næringsrik mat basert på så lokale råvarer som mogleg.
Bakteppe er at berre kring 2,4 prosent av økonomien her til lands er sirkulær. Det er for dårleg, påpeika Katrine Vestbøstad frå ÅKP og Blue Legasea då ho trekte dei store linjene på eit oppstartsmøte på Vestnes måndag.
– Anslag viser at Norge kan kome opp på eit nivå på 40 til 60 prosent med minimal innsats. Det er dit vi er nøyd til å komme, la ho til.
Skal etablere produksjonsanlegg
Målet for arbeidet er å utvikle eit konsept for korleis sokalla grøn og blå sektor kan samarbeide effektivt både når det kjem til areal, energi og kostnader.
Vidare vil dei etablere verdas mest framtidsretta produksjons- og foredlingsanlegg. Om alt går rette vegen, kan verksemda vere i gong allereie i 2026.
– Det er vårt mest optimistiske mål. Men det viktigaste for oss er at vi tar alle stega på vegen. Og om det blir stang-inn på alle punkt, er det gjennomførbart i løpet av ein slik tidshorisont, seier Jon Daniel Nesje til NETT NO.
Inspirert av fiskarbonden
Nesje er dagleg leiar i Foodture – selskapet som ønsker å etablere det nyskapande anlegget på ei nabotomt til Gjermundnes vidaregåande skule.
– Vi skal vere ein sirkulær aktør med høge mål og ambisjonar innan teknologi og berekraft, seier han om verksemda.
Inspirasjonen kjem mellom anna frå fiskarbonden som tidlegare dreiv sitt vekselbruk mellom småbruk og fiske i lokalsamfunn langs kysten. Arbeidet til fiskarbonden var gjerne prega av nøysemd og full utnytting av alle ressursar og råvarer.
Inviterte til dialog
ÅKP og NORSØK og klyngeorganisasjonen for marin industri, Blue Legasea, er blant dei som skal hjelpe til med å stake ut kursen vidare.
Dei neste månadene skal dei kartlegge moglegheitene gjennom eit prosjekt støtta av fylkeskommunen sine Skaparkraft-midlar. Arbeidet er kalla «Fiskarbonden 2.0. Industriell symbiose og blå-grønt samarbeid for framtidsretta matproduksjon».
Måndag var ulike aktørar invitert for å få vite meir om arbeidet – og for å kome med sine innspel til vegen vidare.
– Det er første gongen vi har hatt dialog med ei såpass breitt panel med aktørar, fortel Nesje.
I første omgang skal dei kartlegge kva produsentar av ulike råvarer som kan vere aktuelle å ha med. I tillegg må dei finne ut korleis avfallshandtering og bioenergi kan nyttast.
Restråstoff frå slakt og fisk
Utnytting av restråstoff frå fiskeri og oppdrett har vore jobba med på ulike måtar. Foodture skal vere ein aktør i dette, i tillegg til at foredling av andre type marint råstoff også kan bli aktuelt.
Også matindustrien på land har restråstoff som kan nyttast betre.
– Her ser vi mykje som er felles både når det gjeld metodar og kompetanse, noko Foodture vil fokusere på, seier Nesje.
Nesje er også dagleg leiar i Edelgard – kjøttprodusenten som held til rett i utkanten av Vestnes. Bedrifta kjøper heile slakt, men kan ikkje nytte bein, sener og slikt til sin produksjon.
– Over 20 prosent av slaktet vi får inn, har null verdi for oss i dag, seier Nesje.
Restane må kjøttprodusenten i staden «kvitte seg med», og det meste blir transportert betydelege avstandar på landevegen. I dag blir det mellom anna nytta i produksjon av gjødsel og bindemiddel i betong.
Skal finne lokale moglegheiter
Arbeidet med fiskarbonden-prosjektet skal mellom anna finne ut kva moglegheiter som finst til å nyttiggjere restmaterialet lokalt.
– Poenget er å samarbeide for å skape nye verdiar. Heile ideen er at alle skal få litt meir ut av dette av å gå saman, legg Nesje til.
Ved å kople grøne og blå næringar saman skal ein etablere sirkulære verdikjeder som nyttar ressursane lokalt, reduserer negative påverknad frå drifta og gi grunnlag for verdifull næringsutvikling og sysselsetting i lokalsamfunna i regionen, heiter det i omtalen av prosjektet.
Publisert: 17.01.2024 05:00
Sist oppdatert: 16.01.2024 23:26