Raus innfelt silje tafjord andreas hjellegjerde foto restaurant raus 11
I PLUSS: Restaurant Raus i Sykkylven opna i 2018, med 2019 som første heile driftsår. Innfelt bilete viser Silje Tafjord, medeigar og nestleiar og styreleiar, og medeigar Andreas Hjellegjerde, som var med på ein snuoperasjon som sikra overskot i fjor. Foto: Restaurant Raus
Nytt

Snudde minus til pluss i koronaåret

Brukte lærdom frå tøff start til å handtere koronakrisa.

03.05.2021

Restaurant Raus i Sykkylven gjekk med over 900.000 kroner i underskot i 2019, første heile driftsår for restauranten i Sykkylven.

Det var ei dyrekjøpt erfaring, som også blei nyttig. Tiltak for å få restauranten i pluss, viste seg å vere gode til å berge den gjennom koronaåret 2020.

Vi hadde stålkontroll på kostnadane og visste kva vi skulle gjere
Andreas Hjellegjerde

- Utan å vite at det var korona som kom, så var vi godt førebudd. Vi hadde stålkontroll på kostnadane og visste kva vi skulle gjere, seier styreleiar og medeigar Andreas Hjellegjerde.

Take Away
Restaurant Raus både auka driftsinntektene og fekk til lønsam drift i fjor, trass koronaepidemien og tiltak mot den (sjå tabell under).

Ein av grunnane var at selskapet hadde klar ei ny nettside for netthandel berre to veker etter nedstenginga av Noreg i mars 2020. Kundar som ikkje kunne, eller ville, kome til restauranten, kunne få maten heim.

I staden for utanlandske gjester om sommaren, kom det mange nordmenn. Rett nok var dei norske gjestane konsentrert til fellesferien, men dei brukte til gjengjeld meir per person enn gjennomsnittsgjesten sommaren 2019. Også i sommar ventar selskapet godt besøk av norske gjestar.

2020 kunne blitt enda betre, men koronaoppblomstring og nye smitteverninnstramminga gjorde at julebordssesongen ikkje blei så bra som den lån an til å bli.

Verre i år
Så langt i år har koronatiltaka treft hardare enn i fjor, seier Hjellegjerde.

Då skjenkestoppen som gjeld no kom, stengde restauranten. Open restaurant i kombinasjon med skjenkestopp gir tap, ifølgje Hjellegjerde. Han ventar at dørene blir opna igjen denne veka.

Restaurant Raus as

Tal i mill. kroner

20202019
Driftsinntekter6,55,9
Driftsresultat0,2-0,9
Resultat før skatt0,2-0,9

Publisert: 03.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 03.05.2021 08:15

Mer om