Snuoperasjon etter minus paa Floe
MEIR KUNST: Kunst blir viktigare enn kle for Go With The Flø framover. Må gjenreise eigenkapitalen etter underskot ifjor.
Nytt

Snuoperasjon etter minus på Flø

Meir kunst skal erstatte mindre kle etter minus for Go With The Flø.

01.09.2014
Gjennom firmaet Go With The Flø og Studio Opdal har Hugo Opdal sett vesle Flø i Ulstein på kartet. Hittil i år har mellom andre verdskjende kunstnarar som Bjarne Melgaard og Sverre Bjertnes stilt ut i den tidlegare skulestova.
Men firmaet lukkast ikkje like godt økonomiske som kunstfagleg ifjor. 2013 enda med eit underskot på 0,6 millionar kroner.

Mindre butikksal

Det er fall i salet frå Moods of Norway-butikken på Flø som er hovudårsaka til fallande inntekter og underskotet i fjor, i følgje studioleiar Audun Hopland.
Underskotet ifjor gjorde at eigenkapitalen gjekk tapt. Ein avtalen med banken og ein plan for å gjenreise lønsemda sikra at likevel styret meiner det er grunnlag for å drive vidare, i følgje årsmeldinga for 2013.

Attende i pluss

Så langt i år har selskapet gått i pluss, og har greidd å halde seg til planen for å sikre vidare drift.
- Vi er absolutt i rute. Vi har vore gjennom ei omlegging. Vi ventar positive rekneskapstal i år, seier Hopland.
Den negative eigenkapitalen ved årskiftet var på 252.273 kroner. Hopland seier det er for tidleg å svare på om resultatet i år blir godt nok til gjenreise eigenkapital allereie i løpet av året.

Meir kunst

Go With The Flø er eigd 50/50 av Hugo Opdal og Moods of Norway. Då motekle-leverandøren etablerte utsal på Flø utgjorde salet av kle raskt ein viktig del av verksemda. I 2012 sto klessalet for halvparten av inntekta, i 2013 var andelen falle til 41 prosent.
Hopland meiner utviklingq delvis kan forklarast med at klessalet i starten var prega av ekstraordinær interesse, sidan tilbodet var nytt.

Viktig profilering

Moods of Norway-utsalet på Flø kjem framleis til å vere ei viktig profilering for Moods of Norway, men framover reknar Hopland med at det er inntektene frå kunstsal i galleriet som vil stå for hovudtyngda av inntektene til Go With The Flø.
Om få veker opnar galleriet utstilling nummer fem i år. Hopland vil ikkje røpe kven som stiller ut , ut over å seie at det er ein utanlandsk kunstnar som han anslår at 99 prosent at alle nordmenn over seks år kjenner til.
Vi ventar positive reknskapstal i år

Publisert: 01.09.2014 10:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36