Snuoperasjon for fiskeeksport
MEIR TIL SUPERMARKED: Med stengte restaurantar som følgje av koronakrisa, går meir av fiskeeksporten til daglegvaremarknaden.
Nytt

Snuoperasjon for fiskeeksport

Banksjef er imponert over korleis fiskeeksportør på kort tid la om drifta. Frakt av smittevernutstyr har samtidig opna for meir eksport til Asia.

Marius Rosbach
19.04.2020
Fiskeeksporten er råka av at restaurant- og cateringmarknaden i store delar av verda er stengt ned om følgje av koronakrisa. Samtidig har det vore utfordrande å få frakta fisk til den asiatiske marknaden etter at flytrafikken gjekk ned.
Banksjef Jan Rune Hurlen for bedriftsmarknaden i Sparebank 1 SMN har den siste tida hatt meir pågang frå bedrifter i fiskeindustrien, som treng hjelp på ulike vis.

Trur på varig auke

Hurlen har latt seg imponere over handlekrafta fleire viser i møte med utfordringane.
– Fleire har vist seg som ekstremt handlekraftige og kreative. Ein fiskeeksportør fortalde at dei på kort tid har gått frå å selje heil fisk, til å få den filetert og porsjonspakka. Dei opplever ei utruleg utvikling i marknaden til vanlege forbrukarar gjennom supermarknader, seier han.
Hurlen fortel at fleire på denne måten har klart å halde nesten same omsetning som før.
– Dei trur at denne marknaden no vil få eit løft også framover, fordi folk oppdagar at dette er gode produkt som ikkje er vanskeleg å lage til sjølv, legg han til.

Les også:


Meir til daglegvare og heimelevering

Også Norges Sjømatråd får rapportar om auka sal til daglegvare og leveringstenester til heimen. Tala for påskeveka viser ein nedgang i eksport av fersk heil laks til EU på fire prosent.
– Vi ser at eksporten til vidareforedlingsmarknader som Polen, Nederland og Litauen gjekk bra ,og eksporten til enkeltmarknader som Spania, Storbritannia, Tyskland og Finland, auka – medan det var nedgang til Frankrike og Italia, opplyste sjømatanalytikar Paul Aandahl i Norges Sjømatråd i ei statusoppdatering før helga.

Smittevernfrakt hjelper logistikken

Det meste av lakseeksporten til Asia, er tidlegare sendt i buken på passasjerfly. Då flytrafikken stoppa opp, skapte det problem med å få finne fraktmoglegheiter til marknaden.
– No har mykje av dette løyst seg når det gjeld Kina-marknaden. No går det mykje fraktefly med smittevernutstyr til Europa, som tek med seg fisk tilbake, forklarar banksjef Jan Rune Hurlen.
I andre marknader som sal av klippfisk til Brasil, er det blitt meir vanskeleg. Hurlen fortel at mykje av fisken herifrå i retur, fordi dei ikkje klarar å få selt den. Noko av forklaringa er ei kraftig svekking av den brasilianske valutaen, som har redusert kjøpekrafta i landet.
Mål mot påskeveka i fjor auka likevel den totale eksporten av norsk klippfisk og saltfisk. Eksporten av tørrfisk gjekk derimot kraftig ned.

Les også:


Fleire har vist seg som ekstremt handlekraftige og kreative

Publisert: 19.04.2020 18:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56