Sovesofaspesialisten i Ørsta har slite med låg lønsemd i fleire år. 2014 vart ikkje noko unntak (sjå tabell), men hittil i år går både inntekter og lønsemd i veret.
Produksjonen er gradvis flytta til Litauen, og i vår vart all drift i produksjonslokalet i Hovdebygda avvikla. Storparten av produksjonen har foregått i Litauen i fleire år, berre den aller dyraste sovesofamodellen vart produsert i Noreg før vedtaket om å legge ned all produksjon i Noreg.
Det er for dyrt å produsere i Noreg, var grunngjenving for flyttinga. Sju av 12 tilsette miste jobben, og i dag er det berre kontordrifta att i Noreg.
- Vi går mot eit overskot og stor auke i driftsinntektene, seier dagleg leiar og medeigar Lisbeth Hovden Nilsen.
2015 er første heile salsår for sofaen, og salssuksessen er og ei viktig årsak til at selskapet auka driftsinntektene frå 26,1 millionar kroner i 2013 til 30,4 millionar kroner i 2014. Det er dei høgaste driftsinntektene sidan 2009.
I den nære historia har det gått mykje opp og ned. Sidan 1996 har Hovden Møbel i Ørsta gått med underskot i meir enn annakvart år.
Produksjonen er gradvis flytta til Litauen, og i vår vart all drift i produksjonslokalet i Hovdebygda avvikla. Storparten av produksjonen har foregått i Litauen i fleire år, berre den aller dyraste sovesofamodellen vart produsert i Noreg før vedtaket om å legge ned all produksjon i Noreg.
Det er for dyrt å produsere i Noreg, var grunngjenving for flyttinga. Sju av 12 tilsette miste jobben, og i dag er det berre kontordrifta att i Noreg.
Oppsving med sofa
Utflyttinga av produksjonen er med på å auke lønsemda. Samstundes har selskapet godt sal av sofamodellen som blei lanserte i 2014. Å utvide sortimentet frå sovesofa til vanleg sofa viste seg å vere eit godt trekk.- Vi går mot eit overskot og stor auke i driftsinntektene, seier dagleg leiar og medeigar Lisbeth Hovden Nilsen.
2015 er første heile salsår for sofaen, og salssuksessen er og ei viktig årsak til at selskapet auka driftsinntektene frå 26,1 millionar kroner i 2013 til 30,4 millionar kroner i 2014. Det er dei høgaste driftsinntektene sidan 2009.
70 års-jubileum
I år er bedrifta 70 år. Eigarskapet har skifta, og i ein periode var verksemda eigd av Møller-konsernet. Etter at Møller gjekk kom Jon Carsten Eiken frå Fredrikstad inn som eigar, og i dag er han medeigar saman med Hovden og Liutauras Juiska.I den nære historia har det gått mykje opp og ned. Sidan 1996 har Hovden Møbel i Ørsta gått med underskot i meir enn annakvart år.
Vi går mot eit overskot og stor auke i driftsinntektene
Publisert: 05.09.2015 13:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46






