Solid opptur for Bytoget
Fleirdobling av inntektene for familieselskapet som feira 100-årsjubileum i fjor.
Det er tredje generasjon Honningdal som står bak Bytoget, som har tre bytog i Ålesund og tre i Haugesund.
Selskapet Bytoget i Ålesund hadde kun 40.000 kroner i driftsinntekter under det verste pandemiåret i 2020. I 2021 betra det seg litt, medan i fjor tok det skikkeleg av med 10,7 millionar kroner i driftsinntekter, og eit resultat før skatt på 1,5 millionar.
(saka held fram etter tabellen)
Bytoget | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 10,7 | 1,5 | |
Driftsresultat | 1,5 | 0,4 | |
Resultat før skatt | 1,5 | 0,4 |
Les også
100-årsjubileum
Kvar av dei 18 meter lange toga har ei maksfart på 25 km/t. I tillegg til sine faste byturar med guiding på åtte språk, tilbyr ein også gruppeturar.
Familieselskapet feira i fjor 100-årsjubileum. Det heile starta i 1922 då Jenny Hatlehol som 24-åring kjøpte leikebutikken ho hadde jobba i nokre år, og dreiv butikken fram til sonen Jarle overtok på 80-talet.
Det vart flere fleire butikkar i og rundt Ålesund. Det første "Thomas-toget" vart kjøpt 1993 der Jarle og kona Anne Marie reiste rundt for å besøke mange små og store stader.
Cruiseturistar
I 2003 starta selskapet opp Bytoget i Ålesund, der ein spesielt har innretta seg mot cruiseturistar, som får sightseeing i Ålesund med innlagt stopp på Aksla.
I 2021 vart det også starta opp med sightseeing i Haugesund.
Selskapet har også planar å starte opp andre stader, som i Oslo og Trondheim.
I dag vert selskapet drive av brørne Jan og Nils Ivar Honningdal, som kvar har 40 prosent av aksjane.
Selskapet har ein samla eigenkapital på 1,7 millionar kroner, og 0,5 millionar i langsiktig gjeld.
I fjor sysselsette selskapet fem årsverk.
Publisert: 18.04.2023 08:00
Sist oppdatert: 18.04.2023 21:12