Ring Tore Teigen til venstre Hans Jørgen Fedog til høgre foto green Yard 1
MEDEIGARAR: Ring Tore Teigen (t.v) i Hellik Teigen-konsernet og Hans Jørgen Fedog i Green Yard Kleven starta i fjor samtalane om eit felles eigarskap av Green Yard Group. No er avtalen klar. Foto: Green Yard
Nytt

Solid skraphandlar inn i Kleven

Får alliert med tyngde og økonomiske musklar.

27.01.2023

Med Hellik Teigen-konsernet har Hans Jørgen Fedog i Green Yard fått ein alliert med tyngde og økonomiske musklar. Målet om at det skal byggast nye skip i Ulstein står fast.

Hellik Teigen-konsernet hadde 222 millionar kroner i overskot og 1,3 milliardar i bokført eigenkapital i 2021. Hovudaksjonær Ring Tore Teigen har ein formue på 2,8 milliardar kroner, anslo næringslivsmagasinet Kapital ifjor.

Green Yard Group hadde til samanlikning 552 millioner kroner i driftsinntekter, 18 millonar kroner i resultat før skatt og ein bokført eigenkapital på 21 millionar kroner.

- Kan utvikle oss vidare
Tidlegare fredag offentleggjorde Green Yard Group at Hellik Teigen-konsernet blir 30-prosent eigar etter ein retta emisjon.

Kor stor kapitalutvidinga er vil partane ikkje gå ut med.

- Det er tilstrekkleg til at vi kan utvikle oss vidare som konsern, seier Green Yard Group-sjef Hans Jørgen Fedog til NETT NO.

Vil ha nybygg
- Det å få inn eit sterk medeigar inn på eigarsidan kan umogleg vere ei ulempe, seier Fedog på spørsmål om kva kapitalutvidinga vil betyr for sjansen for at det blir bygd nye skip på Kleven igjen.

Nybygging har vore og er framleis eit mål for verksemda i Ulstein, i tillegg til ombygging og opphogging av eldre skip, seier Fedog.

Det er positive siganl i nybyggingsmarknaden, men Fedog understrekat og at vilkåret for at det skal byggast nytt er at det er lønsame kontrakter.

Første oljeplattform i 2001
Hellik Teigen-konsernet har hovudkontor ved Hokksund i Buskerud, men med investeringa i Ulstein har aktiviteten på Vestlandet og i maritim bransje og oljebransjen blitt enda viktigare for konsernet.

Den første oljeplattforma vart til skrapjarn på eit Hellik Teigen-anlegg i 2001.

Kleven-investeringa styrkar Hellik Teigen sitt fotfeste i marknaden for gjennvinning av skip og oljeinstallasjonar.

Vartdal Gjenvinning med anlegg på Vartdal, Ålesund, Kristiansund og Florø er ein del av Hellik Teigen-konsernet, som no også er blitt medeigar i Green Yard Kleven.

Konsernet eig frå før også Norscrap West på Hanøytangen og Mongstad ved Bergen, Norscrap Karmøy på Karmøy, Norscrap Stavanger i Stavanger og Tofte Gjenvinning i Molde.

Publisert: 27.01.2023 15:30

Sist oppdatert: 27.01.2023 23:30