Hans jørgen fedog foto marius 11
KLEVEN-EIGAR: Hans Jørgen Fedog er administrerande direktør i Green Yard Group som no har fått inn nye medeigarar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ny medeigar i Green Yard

Milliardkonsern frå Austlandet blir medeigar.

Hellik Teigen blir 30 prosent eigar av Kleven-eigarane Green Yard Group etter ein retta emisjon.

Konsernsjef Hans Jørgen Fedog sitt selskap Feko skal eige 30 prosent, Hellik Teigen 30 prosent, selskapet FFS Holding 20 prosent og Lundevågen Invest 20 prosent etter transaksjonen, ifølgje ei pressemelding.

Milliardkonsern

Green Yard Kleven er heileigd av Green Yard Group, der Feko, Lundevågen Invest og FFS Holding eig ein tredjepart kvar.

Hellik Teigen-konsernet med base i Hokksund har spesialisert seg på metallgjenvinning. Dei hadde 1,4 milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 222 millionar i 2021.

Verftet har store ambisjonar, mellom anna med å levere nybygg og har difor hatt behov for å styrke seg finansielt.

Tok over etter konkurs
Agder-baserte Green Yard Group, som er leia av Hans Jørgen Fedog, tok over Kleven sommaren 2020. Då hadde verftet vore gjennom ei turbulent periode med kroatiske Tomislav Debeljak og Div Group som eigar.

Det enda som kjent med konkurs, og den kroatiske forretningsmannen er saksøkt av buet. Den saka er venta å kome for retten til hausten.

Yachtsamarbeid
Eter at Fedog og Green Yard tok over det tradisjonsrike verftet, er det satsa på resirkulering, i tillegg til reparasjonar, ombygging og nybygg.

Det har tidlegare vore spekulert i at den iranskfødde IT-milliardæren Alex Bouzari, skal ha vore interessert i å kome inn på eigarsida.

I 2021 vart det også innleia eit samarbeid med yachtmeklarfirmaet Yachting Partners International.

Publisert: 27.01.2023 11:45

Sist oppdatert: 27.01.2023 20:10

Mer om