Fiminnspeling troll innfelt helikopter flø foto marius 11
HELIKOPTERSCENE: Ei rekke køyretøy og eigen sminkebuss følgjer produksjonen av storfilmen. Delar av crewet førebudde seg tysdag på ei scene der dei tok i bruk eit militærhelikopter. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Spelar inn monsterfilm på Flø

Scener frå Sunnmøre kan nå ein halv milliard Netflix-sjåarar.

Marius Rosbach
14.09.2021

Tysdag kom eit stort filmcrew til Ulstein-bygda Flø for å filme scener til Netflix-produksjonen Troll.

Med fleire titals køyretøy, eit militærhelikopter og eigen sminkebuss førebudde filmfolka seg på å innspeling i det som er eit populært turområde. Skilt og merking av køyretøy etterlet ingen tvil om at det dreia seg om Troll-filmen.

Seinare fekk også NETT NO stadfesta dette frå Espen Horn i produksjonsselskapet Motion Blur.

Trur historia vil ha stor gjennomslagskraft
Allereie i fjor blei det kjent at den norske Hollywood-regissøren Roar Uthaug skal realisere sin draum om å lage ein storslått norsk monsterfilm.

Filmen skal handle om eit troll som vaknar opp i Dovre-fjellet etter tusen år i fangenskap – og som øydelegg alt på sin veg mot Oslo.

Uthaug uttalte til kanalen at ei slik mytehistorie vil ha stor gjennomslagskraft blant Netflix sine kring 200 millionar abonnentar over heile verda.

(saka held fram under)

Fiminnspeling troll foto marius 22
HIT, MEN IKKJE LENGER: Publikum var oppmoda om å halde avstand frå sjølve staden der filminga skjedde. Foto: Marius Rosbach

Kort opphald på Flø
Etter det NETT NO forstår, gir produksjonen i sunnmørsbygda ikkje noko større oppdrag til lokale bedrifter. Innspelinga på Flø vil berre gå føre seg éin dag, eller to.

Nokre lokale filmfolk har likevel arbeid på innspelinga og transportselskapet Fafe-Hauer har fått nokre oppdrag. Elles er dei fleste køyretøya frå eit bilutleigefirma i Oslo.

Ingen av filmfolka på staden kunne snakke med NETT NO tysdag føremiddag, men nokon frå produksjonen skulle ta kontakt seinare.

Har vore på Lom og ved Trollveggen
Publikum blei oppmoda til å halde avstand frå staden der sjølve innspelinga fann stad. Kva scenene på Flø handlar om, er ikkje kjent, men etter det NETT NO kjenner til, omhandlar det ein dinosaur og arkeologar.

I starten av september starta innspelinga i Lom. Filmfolka har også spelt inn helikopterscener ved Trollveggen i Rauma.

Innspelinga skal også gå føre seg fleire andre stader i landet, på trollet sin veg til hovudstaden. Også i og rundt Oslo blir det spelt inn scener der både Holmenkollen og Karl Johan vil dukke opp.

Står bak fleire storfilmer
Regissør Roar Uthaug har tidlegare laga den første norske katastrofefilmen «Bølgjen» som også hadde handling frå Nordvestlandet.

Motion Blur-selskapet som står for produksjonen, har tidlegare laga storfilmar som «Den 12. mann» og «Amundsen».

Hovudrolla blir spelt av Ine Marie Wilmann og Gard Eidsvold, Kim Falck og Mads Sjøgård Pettersen blir å finne i andre roller. Troll-filmen får etter planen premiere neste år.

Publisert: 14.09.2021 12:49

Sist oppdatert: 17.09.2021 22:43

Mer om