Elise Fiske Foto Maritimt Forum Nordvest 11
KLYNGE I MEDVIND: Dagleg leiar Elise Fiske i Maritimt Forum Nordvest samler ein bransje som i stor grad opplever medvind. Hovudtemaet for dagen er likevel alvorleg
Nytt

Spent på om klynga klarar å stå samla

Klart for maritimt toppmøte med beredskap og forsvarsoppdrag på timeplanen.

Marius Rosbach
07.03.2024

Torsdag er det klart for den årlege maritime samlinga kalla Ocean Summit.

Denne gongen møtast store delar av toppleiarane frå maritime bransjar i regionen på Finnøya, mellom anna for å snakke om beredskap. I tillegg til næringslivet, stiller ein rekke bransjeorganisasjonar og stortingspolitikarar frå både regjeringsparti og opposisjonen.

– Ei meir uroleg tid
Dagleg leiar Elise Fiske i Maritimt Forum Nordvest er vertskap for dagen og fortel at dei ønsker å rette merksemda mot kva rolle verft, reiarlag og den sivile flåten spelar i krise og krig.

– Det blir mellom anna peika på kva bransjen bør vere merksame på i ei meir uroleg tid, fortel ho til NETT NO.

Medan god datasikkerheit framleis er avgjerande for at opplysningar ikkje skal kome på avvege, får mistenkelege bestillingar og aktivitet frå framande fartøy, no også meir merksemd.

Store oppdrag kan krevje samarbeid
I bakteppet er også forventningane til at oppdrag med å bygge skip til forsvaret, kan bidra til betydeleg aktivitet for den maritime industrien i åra framover.

Større nybygg til forsvaret vil truleg krevje at aktørar går saman.

– Vi treng eit sivilt samarbeid for å styrke forsvaret. Eg er spent på korleis klynga vil rigge seg for meir samarbeid og større forsvarsoppdrag, seier Fiske.

Kongsberg Maritime – som skal halde innlegg under toppmøtet – har allereie gått saman med fem verft om å utvikle ein standardisert skipsmodell, der ein kan ha ulike våpensystem, dekksmaskineri eller tekniske løysingar om bord.

Kjem snart med ny forsvarsplan
I dei gjeldande planane for det norske forsvaret ligg større investeringar i flåten først inne frå år 2028, men det kan endre seg i løpet av kort tid.

Det er venta at regjeringa seinast etter påske legg fram ein ny forsvarsplan, der det er lova eit tosifra tal med ekstra milliardar. Tidlegare har Sjøforsvaret ønska å bygge opptil 20 sokalla flåtefartøy dei neste åra.

Kanskje vil noko av svaret på kva industrien kan vente seg, kome allereie under innlegget til kommandørkaptein Nils Nordstrand under Ocean Summit.

Han er nestleiar for arbeidet med forsvarets langtidsplan og utvikling i Sjøforsvaret, og skal snakke om forsvaret sitt behov for den maritime klynga.

Sjå heile programmet (ekstern lenke)

Publisert: 07.03.2024 08:55

Sist oppdatert: 07.03.2024 08:52

Mer om