Geir sundal kongsberg maritime thrusterar 11
ULSTEINVIK: Thrusterane som var om bord i det nederlandske lasteskipet, skal no plukkast frå kvarandre. Geir Sundal er spent på tilstanden. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Spent på om thrusterane har tolt julinga

Thrusterane som forårsaka bergingsdrama med lasteskipet Eemslift Hendrika, skal plukkast frå kvarandre.

Marius Rosbach
18.08.2021

Seks thrusterar som var på veg til Kongsberg Maritime i Ulsteinvik for sørvis og overhaling, sleit seg på overfarten med det nederlandske skipet Eemslift Hendrika i april.

Det bidrog til at lasteskipet havarerte og ein dramatisk bergingsaksjon langs sunnmørskysten følgde i dagane etterpå.

Skal demonterast
Thrusterane kom etter kvart til Ulsteinvik der dei framleis står. No skal dei bli plukka fullstendig frå kvarandre og overhalt etter alle kunstens reglar.

– Vi skal demontere og inspisere alle komponentar. Det er ein stor jobb som utgjer mange timar, og som vi startar på i haust, fortel plass-sjef Geir Sundal ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik til NETT NO.

Han fortel at dei nyttar kring 1500 arbeidstimar på kvar thruster for å gjere jobben ferdig.

(saka held fram under)

Eemslift hendrika thruster hull ballasttank foto Sjøfartsdirektortatet 11
HULL I BALLASTTANK: Thrusterar lagra under dekk sleit seg under overfarten. Bilde viser korleis ein av desse slo hull i ein ballasttank. Foto: Sjøfartsdirektortatet
Det er umogleg å seie kva som har skjedd, før vi startar arbeidet
Geir Sundal

Ikkje laga for slike påkjenningar
Thrusterane er laga for å brukast opp att, men Sundal er spent på om dei har tolt julinga frå overfarten mellom Tyskland og Ålesund i vår.

– Det skal vi avdekke no. Det er klart at dei ikkje er laga for å tole slik påkjenningar, og det er umogleg å seie kva som har skjedd, før vi startar arbeidet, legg Sundal til.

Fire av thrusterane er eigd av kunden som hadde dei sist om bord på ein borerigg. To er eigd av Kongsberg sjølv.

– Dei fire som kunde eig, skal dei etter planen ha sjølve. Dei to andre skal etter planen samanstillast og gjerast klar for marknaden, fortel plass-sjefen.

Laga hol i ballasttank
Mannskapet på lasteskipet sende ut nødmelding måndag 5. april Etter at thrusterane sleit seg, blei det mellom anna lagde hol i ein ballasttank om bord, som gjorde lasteskipet utstabilt.

Etter at skipet mista motorkraft og dreiv i fleire dagar i opptil 20 meter høge bølgjer, før bergingsmannskapa fekk kontroll på fartøyet.

Lasteskipet var berre få nautiske mil frå å enda i fjøresteinane på Stad, då ankerhandteringsskipet Normand Drott fekk satt slep.

Lasteskip eemslift hendrika kv sortland foto kystvakta kv sortland 111
I DRIFT: Lasteskipet var i drift i fleire dagar med rundt 350 tonn tungolje og 50 tonn diesel om bord, før Normand Drott (t.h.) fekk satt slep. Foto: Foto: Kystvakta KV Sortland

Publisert: 18.08.2021 13:16

Sist oppdatert: 18.08.2021 16:09

Mer om