Stoerst i Norge
MEIR PRODUKSJON: Ordførar Jan Ove Tryggestad er glad for den positive utviklinga som er på fabrikkane til Orkla Foods Norge. Her saman med fabrikksjef Hans Jostein Langelo. Administrerande direktør i Orkla Foods Norge, Paul Jordahl, i bakgrunnen. 
Nytt

Størst i Norge

Ingen kommune har fleire tilsette i næringsmiddelindustrien enn Stranda, målt etter folketal.

Kristin Vidhammer
05.11.2015
Det jobbar 700-800 menneske i næringsmiddelindustrien på Stranda.
- Målt i arbeidsplassar pr. folketal, er vi suverent største kommunen i landet når det gjeld næringsmiddelproduksjon, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.
Torsdag vart den nye lefsefabrikken til Orkla Foods Norge åpna på Stranda. Det gir 20 nye arbeidsplassar.
- Det talet er ikkje så stort i seg sjølv kanskje, men det viktige er at det er endå ein ny stein som blir lagt. Det viser ei retning framover, seier ordføraren.
No har Orkla Foods Norge ca. 170 tilsette på pizza- og lefsefabrikken på Stranda. I tillegg til Orkla Foods Norge, har Stranda store produsentar i Norsk Sjømat, Ole Ringdal, Grillstad, Tind Spekevarer i tillegg til fleire mindre produsentar.
Les også om

Stor dag for Strandasamfunnet

Under opninga av lefsefabrikken torsdag, sa Jan Ove Tryggestad at det var viktig at den positive utviklinga fortsetter. Lefsefabrikken gir ytterleg verdiskaping i Stranda-samfunnet, og er eit skritt inn i ei ny framtid.
- Dette er ein kjempestor dag for oss på Stranda, og trass i at vi er ein Robek-kommune i særklasse, har vi fått til dette. Dette er viktig fordi vi er i eit område som treng tilflytting, og også fordi det går dårleg for delar av næringslivet, seier ordføraren.
Les også

Det går tilbake til 1888

Historia til fabrikken på Stranda går heilt tilbake til 1888. Då fann skomaker Karl J. Ringstad ut at han ville prøve noko meir lukrativt enn å reparere sko, og byrja å lage mørpølse i kjellaren. Verksemda vaks jevnt og trutt, og det vart utvidingar av fabrikken både i 1929 og i 1947.

Nora kjøpte Ringstad

Den gong var Ringstad den største produsenten av spekepølse i Skandinavia på 1960-talet.Fabrikken vart deretter overtatt av Nora i 1973, og kom inn i Stabburet gjennom fusjonen i 1984. I 1978 hadde Nora starta produksjon av ferdigpizza i Brummundal, og overførte denne til Stranda i 1979.
Frå 1980-talet har fabrikken hatt ei rivande utvikling med ei sterk vekst i salet av ferdigpizza. Det er produsert over 400 millionar Grandiosa sidan den første pizzaen rulla ut frå Stranda-fabrikken.
Vi registrerer at Stranda er eit av dei få satsingsområdene til Orkla Foods Norge

Publisert: 05.11.2015 16:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49