Startar bygging av nytt kraftverk
KRAFT: Kraftverksjef Terje Myklebust (innfelt) og illustrasjon frå Standal kraftverk.
Nytt

Startar bygging av nytt kraftverk

Tussa satsar 65 millionar kroner på å byggje ut Osdalen kraftverk i Volda. Gir straum til 800 husstandar.

26.08.2019
Tussa inviterer til informasjonsmøte på Kalvatn skule tysdag etter at selskapet har bestemt seg for å byggje ut Osdalen kraftverk i Volda kommune.
- Vi er glade for å starte bygginga av Osdalen kraftverk. Prosjektet føyer seg inn i rekkja av fleire investeringar Tussa gjer med nybygg og rehabilitering av vasskraftverk.
- Tussa har i dag 22 vasskraftverk i drift på søre Sunnmøre. Fire av kraftverka ligg i Volda kommune, seier kraftverksjef Terje Myklebust i Tussa, i ei pressemelding.
For tre år sidan var det investeringspause på grunn av låg kraftpris.

Tussa fekk konsesjon på Osdalen kraftverk i 2014. Kraftverket skal utnytte ei fallhøgd på 177 meter. Frå inntaket i Osdalssætrevatnet blir det lagt ei knapt to kilometer lang nedgraven røyrgate til kraftstasjonen, som blir bygd like framom Osdalsgardane.

Ny straumkabel

Tussa opplyser at kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 4,1 MW, og normal årsproduksjon er berekna til om lag 16 GWh.
For å føre krafta ut på nettet skal Tussa leggje ein vel 6,5 kilometer lang straumkabel frå Kalvatn og til Osdalen.
Heile prosjektet har ein byggjekostnad på om lag 65 millionar kroner.

Nye oppgraderingar

Tussa har dei siste fire åra sett i drift tre nye vasskraftverk i Vanylven. I tillegg har det blitt gjort omfattande oppgraderingar ved dei to største vasskraftverka, Tussa- og Åmela kraftverk. Dei neste åra er det, i tillegg til bygging av Osdalen kraftverk, planlagt modernisering og oppgradering av Ulsteindalen kraftverk, Vartdal kraftverk og Bjørdal kraftverk.
Tussa har valt Ose Ingeniørkontor til å gjere den byggtekniske prosjekteringa av Osdalen kraftverk. Volda Maskin grev kabelgrøft mellom Kalvatn, Osdalen og Grøndalen. Opshaug Sandtak gjer gravearbeidet med røyrgrøft, kraftstasjon og inntak.
Det er Brødrene Dahl som leverer røyrgate, og Andritz AS er leverandør av turbin, generator og anna elektromekanisk utstyr.

Publisert: 26.08.2019 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38