Bytoget ålesund cruise reiseliv foto marius
ÅLESUND: Jugendbyen er mellom dei mest populære cruisehamnane langskysten. Fem representantforslag om strengare regulering av cruiseskip i norske farvatn blei stemt ned på Stortinget torsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Stemte ned strengare regulering av cruisebransjen

Ein rekke forslag til votering i Stortinget. Alle fekk «raudt» lys.

NPK
03.02.2023

(NPK-Peder Skjelten): Ei rekkje nye forslag til å kontrollere utsleppa frå cruiseskip i norske fjordar blei alle nedstemte i Stortinget torsdag.

– Det er ingen løyndom at Raudt meiner internasjonal cruisetrafikk er dårleg butikk for Noreg. Det er likevel ikkje berre det forslaga handlar om. Dei handlar òg om å styrke lokaldemokratiet. Forslaga ønskjer å flytte den avgjerande makta ut av hamnestyra og inn i dei folkevalde styra. Då blir det ei lokalpolitisk spørsmål om kva som er best i Stavanger, Bergen, Ålesund eller nokre av dei andre stadane med cruisetrafikk. Det gir folket større moglegheit til å påverke trafikken der dei bur, sa Sofie Marhaug frå talarstolen i Stortinget torsdag.

Saman med partikollega Geir Jørgensen la ho fram representantforslag om strengare regulering av cruisenæringa til Stortinget. Det kom i alt fram fem forslag om strengare regulering av cruisenæringa i Noreg i Stortinget torsdag, alle blei stemt ned (utvid under for meir)

Sjå dei fem forslaga

1. Stortinget ber regjeringa komme tilbake til Stortinget med tiltak for å avgrense kabotasjekøyring for utanlandske turbussar i Noreg, etter modell frå Danmark. Med støtte frå Frp, SV, Raudt og MDG.

2. Stortinget ber regjeringa framme nødvendige forslag for å gi kommunestyre direkte høve til å regulere cruisetrafikk. Desse skal som eit minimum innehalde høve til å regulere talet på anløp og talet på passasjerar både pr. dag og pr. sesong og dessutan høve til å regulere minste liggjetid og maksimal storleik på skipa. Med støtte frå SV, Raudt, Venstre og MDG.

3. Stortinget ber regjeringa fremje nødvendige forslag for å gi kommunestyre direkte høve til å stille miljø- og klimakrav til cruisetrafikk. Desse skal som eit minimum innehalde høve til å krevje påkopling til landstraum og dessutan høve til å krevje låg- eller nullutsleppsskip. med støtte frå SV, Raudt, Venstre og MDG.

4. Stortinget ber regjeringa innføre krav om nullutslepp for alle cruiseskip i norske farvatn innan 2026. Med støtte frå SV, Raudt og MDG.

5. Stortinget ber regjeringa innføre krav om nullutslepp for cruiserelatert turbussverksemd innan 2026. Med støtte frå SV, Raudt og MDG.

Økonomiske konsekvensar
Olve Grotle (H) sa at cruisetrafikk bidreg til store globale utslepp, men at eit nullutsleppskrav i 2026 ville øydeleggje for lokalsamfunna.

– Slik Høgre ser det vil å innføre nullutslepp for alle skip i norske farvatn innan 2026, gjere det nesten uråd å drive cruiseverksemd i Noreg. Det vil ha enorme økonomiske konsekvensar for mange lokalsamfunn langs kysten og Høgre vil difor ikkje støtte forslaget.

Han sa derimot at partiet var positive til forslaga om å la kommunar regulere meir sjølve.

– Høgre er positive til forslaga om å gi kommunar meir reguleringsmakt for cruiseanløp, men vi meiner det reiser så mange rettslege spørsmål at det må ei meir grundig og prinsipiell vurdering til, enn representantforslaget legg opp til.

Bjørlo vil snakke med bransjen
Også Venstre støtta forslaga om meir sjølvstyre til kommunane, sjølv om desse to forslaga blei stemt ned.

Alfred Bjørlo sa at Noreg har moglegheit til å påverke korleis cruisenæringa gjer den grøne vendingane, men at ein måtte forhøyre seg med næringa om forslaga først.

– 1/4 av alle cruiseskip i verda er innom Vestlandet på eit år. Vi er ei stormakt på cruisetrafikk og den politikken vi fører på cruiseskip kan flytte bransjen framover. Om det er målet meiner Venstre det ikkje er riktig å gjere eit skrivebordsvedtak utan å høyre med bransjen om kravet om nullutslepp i 2026. Det skal kome tøffare krav, og raskt, men dei må utformast i samråd med bransjen, sa Bjørlo.

(©NPK)

Publisert: 03.02.2023 07:46

Sist oppdatert: 03.02.2023 07:45

Mer om