Geiranger cruise skip foto Kristing Offerdal
TEK I MOT INNSPEL: Nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026 har vore omdiskutert. Sjøfartsdirektoratet får no innspel i arbeidet med dei nye reglane. Illustrasjonsfoto: Kristin Offerdal
Nytt

Etterlyser meir klare svar om nullutslepp

I løpet av året kjem planen for korleis utsleppkutta i verdsarvfjordane skal gjennomførast.

NPK
25.08.2022

(NPK): Sjøfartsdirektoratet samla onsdag referansegruppa for arbeidet med nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. Målet var å lufte tankar, ønske og forslag.

– Referansegruppa er viktig for oss for at vi skal få innspel frå både næring og lokale styresmakter. Partane er inviterte til å seie si meining, dette er verdifullt for Sjøfartsdirektoratets arbeid, seier prosjektleiar Henrikke Roald, som er underdirektør ved Avdeling for regelverk og avtalar i Sjøfartsdirektoratet.

Krav til nullutslepp frå 2026
Klima- og miljødepartementet (KLD) har gitt direktoratet oppdraget med å stille krav til nullutslepp for turistskip og ferjer frå 2026, og samtidig legge til rette for vidare turistverksemd.

Gruppa består av representantar for dei store aktørane innan cruiseturisme og destinasjonsturisme, og lokale styresmakter som hamnevesen, kommunar og fylkeskommunar i verdsarvområda – Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Fleire saknar avklaringar

Stortingsvedtaket om nullutslepp har møtt stor motstand lokalt der ein fryktar at det vil gå kraftig ut over turistnæringa.

Ifølgje Sjøfartsdirektorat gav fleire i referansegruppa uttrykk for at det er vilje og engasjement for grønare skipsfart både blant reiarlaga, destinasjonane og dei lokale styremaktene.

Dei ønskjer likevel konkrete avklaringar på kva som blir kravd, korleis omgrepet «nullutslepp» skal definerast og om det vil bli opna for overgangsordningar/unntak.

– Vi tek med oss dette i det vidare arbeidet. Det har vore spennande å høyre om brytingane mellom dei ulike interessene i referansegruppa, seier Roald.

Det har vore spennande å høyre om brytingane mellom dei ulike interessene
Henrikke Roald

Menon-rapport i oktober
Partane i referansegruppa kan komme med skriftlege innspel innan 1. september.

Analysebyrået Menon Economics undersøkjer dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av nullutslepp i verdsarvfjordane. Denne rapporten skal vere klar innan 15. oktober.

Forslaget frå Sjøfartsdirektorat til høyringsdokument og forskriftstekst skal vere ferdig utarbeidd og levert til KLD innan utgangen av året.

(©NPK)

Publisert: 25.08.2022 13:19

Sist oppdatert: 25.08.2022 13:19

Mer om