Cruiseskip måløy montasje Randi Humborstad foto Nordfjord Havn på Facebook kjetil 11
MEIR LOKAL VERDISKAPING: Måløy Vekst-leiar Randi Humborstad trur det er mogleg å få meir lokal verdiskaping og arbeidsplassar ut av cruiseturismen via det nye selskapet Måløy Adventure. Foto: Nordfjord Havn på Facebook/Kjetil Haanes
Nytt

Vil ha fleire kroner frå cruiseturistane

Lokale bedrifter saman i reiselivsselskap for å få vekst og fleire arbeidsplassar.

Marius Rosbach
28.10.2022

Ei rekke bedrifter og andre aktørar har gått saman om å starte selskapet Måløy Adventure. Målet er at fleire kroner frå cruiseturismen skal kome lokale bedrifter til gode.

– Neste år kjem kring 100.000 cruiseturistar til Måløy. Vi meiner det er mogleg å få meir lokal verdiskaping og arbeidsplassar i regionen ut av dette enn i dag, fortel dagleg leiar Randi Humborstad i Måløy Vekst til NETT NO.

Veit lite om kva turistane gjer
Fleire undersøkingar har vist at cruiseturistar er den gruppa av reisande som legg igjen minst pengar til lokale næringsliv. Det er noko av bakgrunnen for opprettelsen av det nye selskapet.

– Lokale reiselivsaktører veit i dag for lite om kva desse turistane vil gjere her, og kva utflukter dei reiser på. Det er noko som agentane til cruiseselskapa har full kontroll over, seier Humborstad.

Gjennom det nye selskapet vil dei ta rolla som sals og marknadsføringskanal for både reiselivsbedrifter og andre som har aktivitetar, eller produkt å tilby turistane.

– Cruiseturistane gir oss volumet som skal til for å bygge opp fleire tilbod i regionen. Målet er at desse tilboda skal gjere det attraktivt for andre besøkande å komme til hit, og ikkje minst at vi bygger gode og attraktive tilbod for dei som bur her, forklarar Humborstad.

Bytoget ålesund cruise reiseliv foto marius
CRUISETURISME: Reisande som kjem på cruiseskip er mellom dei gruppene som legg av minst pengar i lokale bedrifter. Årsaka er at mykje av aktivitetane er teke hand om av agentar reiarlaga samarbeider med. Foto: Marius Rosbach

Skal lage pakkeløysingar
Måløy Adventure skal både jobbe med å utvikle infrastruktur og etablere transportløysingar, i tillegg til å samordne aktivitetar og utdanne guider.

Mellom anna skal dei laga store og små pakkar med reiseopplevingar og ha eige bookingsystem.

Frank Willy Djupvik er leigd inn som dagleg leiar i selskapet. Når Måløy Vekst går frå tre til fire tilsette om kort tid, vil denne nytilsette også ha oppgåver knytt til det nye selskapet.

27 aktørar med frå start
Måløy Vekst tok initiativ til å opprette selskapet som hadde 27 aktører med frå start. Mellom eigarane finn vi verksemder frå Gulen i sør til Stad i nord, som femner alt frå milliardkonsernet Selstad til små guidebedrifter og stiftinga Måløyraidsenteret.

Humborstad meiner den breie deltakinga tyder på at heile regionen ser verdien av å samarbeide og utvikle nye tilbod.

Ho påpeiker at også aktørar i Askvoll, Florø og Bremanger er hjarteleg velkomne til å vere med.

Publisert: 28.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 28.10.2022 07:31

Mer om