Stor Nogva-kontrakt før ferien
Skal levere til seks katamaranar.
Salgssjef Rune Rønstad i Nogva Motorfabrikk kunne melde om ny stor kontrakt rett før mange av dei tilsette starta ferien på fredag. Det skriv selskapet på sin Facebook-profil.
Avtalen gjeld komplette fremdriftsanlegg og aggregat til seks katamaranar, i tillegg til opsjon på tilsvarande leveransar på tre fartøy til.
Kontrakten på dei 12 hovudmotorar med gir og propellanlegg i tillegg til aggretat, er gjort med Fosen-verftet i Trøndelag.
2021-resultatet til Nogva Motorfabrikk er ikkje offentleg enno, men Søvika-konsernet hadde eit svært godt år i 2020 med ei omsetning på 454 millionar og eit overskott før skatt på knappe 52 millionar.
I løpet av fjoråret sikra Nogva sin største kontrakt nokon gong på åtte skip Vard skal bygge i Vietnam.
Publisert: 10.07.2022 16:15
Sist oppdatert: 10.07.2022 16:22