Ny storavtale for Artec Aqua
Skal utvikle oppdrettsanlegg for flekksteinbit med ei kostnadsramme på 750 millionar kroner.
Børsnoterte Endúr opplyser måndag at det heileigde Ålesund-selskapet Artec Aqua har inngått avtale med Råknes Gård, Sjømat, om å utvikle eit nøkkelferdig landbasert oppdrettsanlegg for flekksteinbit.
I samarbeidsavtalen inngår blant anna prosjektutvikling, lisenssøknader, regulatoriske forhold, design og konstruksjon.
Prosjektet har ei kostnadsramme på 750 millionar kroner, og er avhengig av at det kjem på plass både godkjenning og finansiering.
Les også
Ylvingen
Anleggast skal byggast på Ylvingen i Vega.
Selskapet Denvo tok i februar 2021 over styringa i Råknes Gård Sjømat AS for å føre selskapet gjennom planlegginga og bygginga av det fullskala landbaserte oppdrettsanlegget.
Denvo opplyser på si heimeside at forventa omsetning ved full drift er 500 millionar kroner.
Flekksteinbit sin tur
Anlegget skal romme 4.000 tonn flekksteinbit.
"Norsk laks har satt Norge på verdenskartet inne fiskeoppdrett. Nå er det arktisk flekksteinbit sin tur til å ta utviklingen et steg videre," står det på heimesida.
Artec Aqua utviklar og byggjer anlegg til oppdrettsnæringa, og har mellom anna oppdraget med å bygge ut Salmon Evolution sitt milliardanlegg for oppdrett av laks på land ved Bud.
Publisert: 01.11.2021 17:01
Sist oppdatert: 01.11.2021 23:06