Store dimensjonar over Prodtex-oppdrag
Hydrogentankane selskapet skal bygge, er så store at selskapet kan vekse ut av industrihallen på Fiskå.
Denne veka blei det kjent at Prodtex har sikra seg første oppdrag i ein ny marknad – bygging av tankar for frakt av hydrogen på skip.
Arbeidet med utviklingskontrakten må først gjerast – og i ettertid må tanken både bli testa og godkjent - men det er allereie klart at potensialet er stort.
– Det er ingen garanti for at vi lukkast, men Provaris går tungt inn og finansierer heile utviklingsløpet, så det er ingen tvil om at dei har stor trua, seier Prodtex-sjef Sigbjørn Nordstrand til NETT NO.
Den nemnte australske partnaren, blei først kjent for NETT NO sine lesarar tidleg i år, som partnar for Norwegian Hydrogen.
Ålesund-selskapet planlegg å bygge eit produksjonsanlegg for hydrogen til fleire milliardar på Sjøholt.
Opptil 200 meter lange skip
Provaris Energy har utvikla løysninga for å lagre og frakte komprimert hydrogen med skip - som dei vil at Prodtex skal lage tankane til. Måla på tankane er ikkje opplyst, men skipa skal vere opptil 200 meter lange.
– Det er mykje stål i kvar tank og nøkkelen til god inntening vil vere i volumet, seier Nordstrand.
I første omgang skal produksjonen av prototypetanken skje på Fiskåholmen i Vanylven, i samarbeid med Sintef.
– Sannsynleg at vi kan trenge meir plass
Dei to selskapa er samtidig i gong med å planlegge ei produksjonslinje for fleire tankar og ein større marknad. Då kan både utviding på Fiskåholmen, og ny lokalisering vere aktuelt.
– Det vil krevje eit stort anlegg, og det er sannsynleg at vi kan trenge meir plass, fortel Nordstrand.
Målet er at eit produksjonsanlegg skal vere klart i midten av 2025, og i første omgang skal det lagast tankar til Provaris sine båtar.
Trur på fleire arbeidsplassar
Prodtex nyttar avansert robotsveising i jobben, som dei har utvikla gjennom fleire bruprosjekt for Statens Vegvesen. Nordstrand påpeiker at arbeidet med hydrogentankar, kjem i tillegg til dei andre delane av verksemda.
Prodtex trur verksemda kan gi fleire arbeidsplassar i åra framover. Per i dag er Prodtex-selskapa 35 tilsette, etter å ha tilsett 15 nye medarbeidarar siste året.
– I dag har vi truleg dei tilsette vi treng til å handtere det nye oppdraget, etter at vi har oppskalert både på ingeniørsida og i produksjonen, seier Nordstrand.
Publisert: 27.07.2023 08:32
Sist oppdatert: 27.07.2023 10:12