Vekst i Vanylven
Prodtex Industri meir enn dobla inntektene og går frå minus til pluss.
Prodtex Industri byggjer stålkonstruksjonar i anlegget sitt på Fiskåholmen i Vanylven, eit anlegg Prodtex Industri kjøpte frå det kommunale selskapet Vanylven Eigedom i 2019.
Selskapet vart etablert i 2019, med Prodtex i Ulsteinvik som største aksjonær (49,9 prosent) og hadde sitt første heile driftsår i 2020.
I fjor hadde Prodtex Industri 12 tilsette, ifølgje årsmeldinga.
Leita etter aktivitet
Vanylven kommune kjøpte industrianlegget på Fiskeåholmen etter at Ulstein Group la ned skrogseksjonsbygginga der i 2015.
Etterpå har kommunen arbeidd for å få ny drift i anlegget.
Melllom anna var anlegget aktuelt for bygging av deler til bølgjekraftverk-selskapet Waves4Poower, men det kom aldri i gang, og kommunen måtte på leiting etter andre kandidatar.
Etter at Prodtex fekk til saman 27 millionar kroner i støtte og lån og støtte frå Innovasjon Norge bestemte selskapet seg for å kjøpe storparten av anlegget på Fiskeåholmen, i staden for å vere leigetakar.
Treng fleire folk
Veksten i fjor held fram i år. I april skreiv NETT NO at Prodtex-selskapa, og først og fremst Prodtex Industri, er på jakt etter fleire folk.
Prodtex i Ulsteinvik er ingeniør- og teknologiselskapet i Prodtex-systemet. I tillegg til å vere største eigar i Prodtex Industri er selskapet også 34 prosent eigar av Prodtex Design og Engineering i Ålesund.
For 2023 anslo forretningsutviklar og medeigar Tore Roppen at Prodtex-selskapa vi nå ei driftsinntekt på over 200 millionar kroner i år.
Les også
Treng ei rekke nye tilsette og siktar mot ei omsetning på 200 millionar.
Vurderer å hente inn frisk kapital om stort bruoppdrag kjem i boks.
Prodtex as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 13,9 | 14,7 |
Driftsresultat | -1,0 | 0,1 |
Resultat før skatt | -1,2 | 0,05 |
Prodtex Industri as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 63,6 | 24,3 |
Driftsresultat | 2,5 | 0,2 |
Resultat før skat | 1,4 | -0,2 |
Prodtex Design & Engineering as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 3,3 | 5,6 |
Driftsresultat | -0,2 | 1,3 |
Resultat før skatt | -0,1 | 1,3 |
Publisert: 29.06.2023 09:17
Sist oppdatert: 29.06.2023 09:18