Store forventingar til Sanner
STORE FORVENTNINGAR: Onsdag legg finansminister Jan Tore Sanner (H) fram forslag til neste års statsbudsjett. 
Nytt

Store forventingar til Sanner

Regjeringa har lova å ta kvardagen tilbake neste år. Onsdag kjem budsjettet som skal vise korleis.

06.10.2020
NPK-NTB-Birgitte Iversen: I mai la finansminister Jan Tore Sanner (H) fram eit historisk krisebudsjett med revidert nasjonalbudsjett. Denne veka legg regjeringa fram budsjettet som forhåpentlegvis skal ta landet ut av krisa – forslaget til statsbudsjett for neste år.
– I perioden vi no går inn i, er målet til regjeringa at vi skal ta kvardagen tilbake. Regjeringa vil ta nye initiativ for å føre Noreg trygt ut av krisa, heitte det i trontalen til regjeringa fredag.

25 milliardar til koronatiltak

Så langt har regjeringa sleppt ut lekkasjar frå budsjettet på over 63 milliardar kroner. Regjeringa vil mellom anna bruke 25 milliardar kroner på ulike koronatiltak til neste år, men understrekar at beløpet vil bli justert viss det viser seg at det ikkje held. Så langt i år har regjeringa brukt 126,3 milliardar kroner på koronatiltak.
Blant dei andre største lekkasjane er 32,1 milliardar kroner til jernbane og 2 milliardar kroner til prestisjeprosjektet til regjeringa for karbonfangst- og lagring på Norcem i Breivik.
Fleire permanente stillingar i politiet, billegare SFO for låginntektsfamiliar og meir til fritidskort for barn er òg blant satsingane.

Forventar skattekutt

Kva som skjer med formueskatten, er blant spenningspunkta i budsjettforslaget. Høgres landsmøte vedtok tidlegare i haust å gå inn for å fjerne formueskatten heilt. Statsminister Erna Solberg (H) rykte likevel raskt ut og sa at det ikkje kom til å skje før det finst metodar som unngår å skape nye nullskattytarar.
Hos NHO er forventningane store til at det kjem eit betydeleg kutt i formueskatten på såkalla arbeidande kapital i statsbudsjettet.
– Når bedriftene skal komme seg gjennom krisa, treng dei pengane i bedriftene, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NTB.

– Avgjerande år

Arbeidarpartiets nestleiar Hadia Tajik minner om at høgreregjeringa i sine sju år har kutta 27 milliardar kroner til saman i skatt.
– Dette har ikkje skapt fleire jobbar, seier ho til NTB.
– No gjeld det å bruke pengane rett. Vi kjem til å følgje med for å sikre at pengane blir brukte på arbeidsplassar og vanlege folk, ikkje auka formuar og rikfolk når høgreregjeringa legg fram budsjettet sitt, seier Tajik.

Frp vrir kniven

Med Framstegspartiet på utsida får regjeringa i år ein langt tøffare jobb med å få budsjettet gjennom Stortinget enn tidlegare.
Fleire av krava partiet har sett for å støtte budsjettet, vrir om kniven der det smertar mest for KrF og Venstre, som kutt i bistandsbudsjettet og å setje talet på kvoteflyktningar til Noreg på eit minimum.
I tillegg har Frp varsla motstand mot det viktigaste klimaprosjektet til regjeringa, Norcem-prosjektet for karbonfangst- og lagring, fordi dei meiner skattebetalarane får ein for stor del av rekninga.
Både NHO og LO reagerer sterkt på at Frp ikkje vil støtte forslaget til regjeringa.
– At norske industriarbeidsplassar endå ein gong blir kasteball i eit politisk spel i budsjettforhandlingar på borgarleg side, er direkte useriøst, uttalte LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen måndag.
SV har oppmoda regjeringa til å løfte saka ut av budsjettforhandlingane for å finne eit alternativ fleirtal på Stortinget utanom Frp.

Oljesmurt

I krisebudsjettet i mai foreslo regjeringa å bruke svimlande 420 milliardar kroner frå Oljefondet. Det er 176 milliardar meir enn i det opphavlege statsbudsjettet for 2020 og 174,4 milliardar kroner meir enn i fjor.
Finansminister Jan Tore Sanner (H) har signalisert at han vil bruke det som er nødvendig òg neste år, men har understreka at oljepengebruken skal trappast ned i takt med at veksten tek seg opp.
Det er spenning knytt til det oppdaterte anslaget til regjeringa for verdiskaping, arbeidsløyse, pris- og lønnsvekst til neste år, som blir lagt fram samtidig som budsjettet. Oljepengebruken vil henge tett saman med desse prognosane.

Publisert: 06.10.2020 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03