Mariann Oye Knut Flakk Union Hotel Oye
TAP I FJOR: Knut Flakk saman med hotelldirektør Mariann Øye på Union Øye-hotellet i Norangsdalen. Etter store investeringar, har hotellet auka inntektene kraftig - men går framleis i minus. Foto: Karoline Prytz Berset
Nytt

Store inntektshopp – men nye underskot

Alle Flakk-hotella gjekk i minus i fjor.

Marius Rosbach
24.07.2024

Alle dei Flakk-eigde hotella på Sunnmøre gjekk i minus i fjor, viser ferske rekneskapstal.

Pilane peiker rett veg på inntektssida med kraftig auke både for Hotel Brosundet, Hotel Union Øye og til dels Storfjord Hotel.

Den samla omsetninga steig frå 132 til 190 millionar i 2023 – kring 44 prosent. Høgare romprisar er mykje av forklaringa, ifølgje årsmeldingane til hotellselskapa.

Botnlinja er likevel i minus med eit samla tap før skatt på nær 30 millionar.

Auka omsetninga med 75 (!) prosent
Ved Union Øye-hotellet vart romprisane auka med nær 18 prosent for heile året – og nær 28 prosent i høgsesongen.

Det gjorde at inntektene gjorde eit stort hopp frå 26 til 46 millionar - ei auke på kring 75 (!) prosent. Året enda likevel med eit nytt underskot på nærare 20 millionar før skatt (sjå tabell under).

Flakk-konsernet har brukt betydelege midlar på renovering og tilbygg på hotellet. Hotelldirektør Mariann Øye fortalde til Nett No i fjor at dei ikkje reknar med å gå i pluss i rekneskapen dei første åra.

Hotel Union (Øye) As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt46,226,1
Driftsresultat-8,7-13,5
Resultat før skatt-18,9-20,8

Heilsårope for første gong
I fjor var hotellet i Norangsfjorden for første gong ope heile året, utan å stenge i jul- og nyttårsperioden. Hotellet har også lukkast med å trekke fleire internasjonale gjestar – spesielt frå USA, heiter det i årsmeldinga.

I april fortalde hotelldirektør Mariann Øye om ny vekst og at dei låg an til ein ny rekordsommar i 2024.

Øye har aldri lagt skjul på at noko av målet hennar, er å sikre busettinga i Ørsta-bygda. Med 38 tilsette, har reiselivsverksemda bidrege til at folketalet har auka frå 32 fastbuande i 2016, til kring 50 i dag.

Frå pluss til minus på Brosundet
Hotel Brosundet i Ålesund leverer også betydeleg høgare omsetning, og kjem frå fleire år med overskot. I 2023 enda rekneskapen i minus også her - med eit resultat før skatt på minus 6,2 millionar.

Mykje av forklaringa på underskotet er investeringar i konsept og personale, at Restauranthuset Apotekergata 5 vart innfusjonert i hotellselskapet i løpet av fjoråret og kostnader kring oppstarten av den nye Sjøbua-restauranten.

Også Ålesund-hotellet auka romprisane med kring 20 prosent i løpet av fjoråret, ifølgje årsmeldinga.

Hotel Brosundet As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt92,663,1
Driftsresultat-210,9
Resultat før skatt-6,28,0

Frå pluss til minus på Storfjord
Inntektene steig vidare for Storfjord Hotel i løpet av fjoråret, som auka omsetninga frå knappe 44 til 51 millionar kroner.

Hotellet på Glomset gjekk i 2022 med overskot for første gong sidan opninga i 2006. Driftsresultatet enda også i pluss i 2023, men finanskostnadene gjorde at resultatet før skatt vart i minus (sjå tabell under).

Mikael Forselius som i fjor vart tilsett for å leie hotell- og reiselivssatsinga til Flakk Gruppen, sa seg nøgd med utviklinga for Storfjord-hotellet då Nett No snakka med han mot slutten av fjoråret.

– Eg vil påstå at ingen hotell i Noreg har lik omsetning med så få rom, uttalte han om hotellet med berre 30 rom.

Storfjord Hotel As

Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt51,343,9
Driftsresultat1,43,3
Resultat før skatt-3,20,7
Podium

E26/S2 Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?

Stopp i investeringar
I løpet av fjoråret kjøpte Flakk-familien seg inn i Basecamp Explorer Spitsbergen, eit selskap som også gjekk med underskot i fjor.

Konsernet har fleire investeringsplanar i skuffen. Eit «basecamp»-hotell på Hellesylt, eit luksushotell på Ljøen og eit boutique-hotell i Oslo er mellom planane Flakk har lagt på bordet dei siste åra.

Knut Flakk har samtidig gjort det klart at dei ikkje vil realisere nye hotellplanar grunna auken i formuesskatten.

Publisert: 24.07.2024 12:19

Sist oppdatert: 24.07.2024 18:45

Mer om