Straummarknaden skal bli meir oversiktleg
– Nesten halvparten av forbrukarane seier dei føler seg lurt, seier forbrukardirektør.
(NPK): Forbrukarrådet hevdar at straumavtalar er gjort kompliserte med vilje for å selje dyrast mogleg straum til folk. NVE skal no sjå på tiltak som kan gjere marknaden lettare og meir oversiktleg for kundane.
– Nesten halvparten av forbrukarane seier dei føler seg lurt når dei har kjøpt straum, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket til E24 og viser til ei undersøking Forbrukarrådet fekk utført i fjor.
– Poenget er at dei har rett – dei blir lurt også. Og det er alvorleg, legg ho til.
Ikkje til det beste for forbrukarane
Blyverket meiner marknaden, der 100 kraftleverandørar tilbyr anslagsvis 500 ulike avtalar, er blitt totalt uoversiktleg og at mange straumkundar føler avmakt.
– Vi jobbar no for å få endra straummarknaden og få politiske styresmakter og tilsynsmyndigheiter, i tillegg til bransjen sjølv, til å ta på alvor at dette ikkje fungerer til beste for forbrukarane, seier Blyverket.
Ein rapport som Oslo Economics har laga på oppdrag frå NVE viser at det er informasjonsproblem knytt til val av straumavtale.
– Rapporten peiker på at mangel på informasjon hos forbrukarar bidrar til å svekkje priskonkurransen i straummarknaden, og at dette gjer at konkurransen ikkje er like hard som forventa, skriv NVE om rapporten på nettsidene sine.
Håpar å vere klar i vår
Tiltak som vert tilrådd er presisering av dagens regelverk og styrkt handheving av brot. Rapporten foreslår også krav til standardisert prisopplysning i marknadsføring, tilgjengelege prislister og justering av prisportalen.
– Vi er i gang med å vurdere dette saman med Forbrukartilsynet og håper å ha ein tiltaksplan klar på vårparten. Målet er å gjere det enklare når du skal handle straum, seier Pia Roll, fungerande seksjonssjef i NVE, til VG.
Les rapporten her (lenke til pdf)
Publisert: 22.02.2021 13:06
Sist oppdatert: 22.02.2021 23:34