Vindfarm vindkraft Ilustrasjonsfoto Wikimedia Commons Richard Bartz og Kim Hansen 11
AUKA ETTERSPØRSEL: Slår dei høgste prognosene til, treng Noreg meir kraft enn det er råd å klare med vasskraft åleine. Biletet viser vindfarm ved Øresund. Ilustrasjonsfoto: Wikimedia Commons, Richard Bartz og Kim Hansen.
Analyser

Etterspørselen etter kraft rett opp

Kraftetterspørselen på Nordmøre og i Romsdal kan doble seg i løpet av 10-15 år, viser kartlegging. No skal også etterspørselen på Sunnmøre kartleggast. Kvar skal krafta kome frå?

14.02.2021

ANALYSE

Selskapa Mørenett, Statnett, Neas og Istad har spurt næringsliv og samfunnsaktørar på Nordmøre og i Romsdal om kva dei meiner dei treng av elektrisk kraft framover for å sette planar og idear ut i livet.

Svaret er mellom 1,8 og 3,6 gangar meir kraft enn det er kapasitet til å levere til området enn i dag. Gå ut frå at fleire av dei største og dristigaste prosjektet på teiknebrettet neppe kjem lenger enn dit, men sjølv det moderate alternativet inneber nesten ei dobling samanlikna med i dag.

Ei tilsvarande kartlegging skal også gjennomførast på Sunnmøre, og det er sannsynleg at også den vil gi same svar som tilsvarande undersøking på Nordmøre og i Romsdal - etterspørselen etter elektrisk kraft går opp.

Historia til Hofseth Biocare sitt anlegg i Midsund viser kva det handlar om. Anlegget er utvida for 130 millionar kroner og skal mellom anna tørke ingrediensar som Hofseth Biocare lagar basert på avskjer og restråstoff frå lakseslakteri.

Godt i gang med bygginga oppdaga Hofseth Biocare at straumnettet til Midsund ikkje kunne levere straumen anlegget trong. Dermed blei det gassfyring i staden, ein ekstrakostnad selskapet godt kunne tenkt seg å sleppe.

På Nordmøre og i Romsdal er eit betre kraftnett ein del av løysinga, på kort sikt. Om Olje- og energidepartement ikkje endrar NVE si innstilling vil Mørenett i år ta over deler av Statnett sitt kraftnett på Nordmøre og i Romsdal og investere fleire hundre millionar i større og fleire kraftkablar.


På lengre sikt er det ikkje nok å bygge fleire og nye kraftliner, fordi etterspørselveksten også krev ny straum.

I den tidlegare olivingruva i Lefdal ved Nordfjorden ligg eit datasenter med ambisiøse vekstplanar, og ved den tidlegare olivingruva i Raudbergvika i Fjord kommune vil Roger Hofseth bygge eit landbasert oppdrettsanlegg inne i fjellet. Begge deler er døme er på prosjekt som treng meir kraft.

Tussa-sjef Elling Dybdal har i eit notat sett på kor mykje etterspørselen kan auke og kvar den ekstra krafta kan kome frå. Ulike analysemiljø har ulike spådommar, frå Statnett som spår opptil 67 prosent auke i etterspørselen fram til 2050 og Wattsight som spår ein auke på 20 prosent.

Grunnen til det store spriket i prognosar er at Statnett i sitt mest omfattande anslag går ut frå at absolutt alt som kan elektrifiserast blir elektrifisert, og at det blir brukt mykje straum til å produsere hydrogen i tillegg. Wattsight legg til grunn ei mindre omfattande elektrifisering. Uansett spår begge at etterspørselen går opp.

Utgangspunktet er ein produksjon på 135 TWh i året i dag.

Med full elektrifisering trengst det 30-50 TWh til i Statnett si prognose, og eventuelt ytterlegare 40 TWh til produksjon av hydrogen. Wattsight-prognosen er ein auke opp til 160 TWh i 2050. Altså frå minst 25 TWh ekstra og opp til 90 TWh ekstra kraftproduksjon i Noreg, samanlikna med i dag.

Norges Vassdrag og Energidirektorat (NVE) reknar med at det kan byggast ut 215 TWh vasskraft i Noreg. 135 av dette er alt bygd ut, og vassdrag tilsvarande 50 TWh straumproduksjon er varig verna eller har fått nei til utbygging, slik at potensialet for meir utbygging er 30 TWh.

For å produsere nok straum til at Noreg kan vere sjølvforsynt etter den lågaste prognosen er det altså nok vasskraft att å bygge ut, men berre såvidt.

Stig etterspørselen meir, slik Statnett har lagt til grunn må det andre kjelder til.

Eitt tiltak, skriv Dybdal i notatet, er å effektivisere kraftverka. Nye turbinar som hentar ut meir av energien må installerast, og ei rekkje mindre bekkar og vatn må slusast inn i eksisterande vassmagasin.

Berekningar gjort av NTNU anslår at det kan vere råd å hente ut ein teoretisk ekstra kapasitet på 20 prosent (knappe 30 TWh) på denne måten, men Dybdal reknar med den reelle auken som er råd å få til vil vere rundt 15 TWh.

I Wattsight sin prognosar vil den norske vindkraftproduksjonen auke frå 9,5 TWh til 31 TWh i 2050 og sol frå 0,1 til 4 TWh.

Noreg har dermed ressursane til å å kunne vere sjølvforsynt med straum, sjølv med ei omfattande elektrifisering, konkluderer Dybdal i notatet.

Det svaret baserer seg rett nok på at straumforsyning til ein eventuell produksjon av hydrogen blir halden utanfor.

Men både regjeringa og den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO arbeider for at skipsfarten skal gå over til drivstoff som ikkje slepp ut energi. Der er hydrogen produsert frå fornybare kjelder, som vatn og vind, nøkkelen til å få det til.

Blir dei politiske måla ståande, er spørsmålet kvar straumen til hydrogenproduksjon kome frå? Eit anna spørsmål er om Noreg i framtida kan spele ei rolle som batteri i europeisk kraftforsyning, der norsk vasskraft medverkar til å sikre stabil kraftforsyning ved å gå for fullt når det bles lite og er lite lys.

Ein av grunnane til at kraftprisen skaut i veret då kulden kom etter jul er at det bles mindre i kaldt ver. Vindkraftproduksjonen går ned når kulda gjer at etterspørselen stig. Då er det greit å ha vasskrafta, men dersom meir av den skal brukast i Noreg blir det mindre att å eksportere når vinden stilnar og etterspørselen ute stig.

Det som kan hende er at den norske vasskrafta får relativt mindre betydning i den europeiske kraftmarknaden av to grunnar:

Fordi Noreg brukar meir av eigen produksjon sjølv.
Og fordi andre land byggjer ut meir sol- og vindkraft for å kunne sikre seg nok kapasitet også når det er lite vind og sol.

Ei slik utbygging vil bety at det i lange periodar vil vere overflod av straum, og låge kraftprisar, samstundes som det blir færre periodar med lite straum og høge prisar.

Ingeniørar, montørar og utstyrsleverandørar i kraftbransjen har mykje å sjå fram til. For kraftselskapa sjølve er utsiktene meir uvisse.

Publisert: 14.02.2021 06:00

Sist oppdatert: 09.03.2021 12:02

Mer om