Straumnettet taklar ikkje eit groent skifte
FOR LITE: Noreg er på etterskot med utbygging av kraftliner meiner Ketil Tømmernes, direktør i kraftnett-selskapet BKK Nett. Driftsdirektør Karl Inge Slotsvik (innfelt) i Hofseth Biocare manglar elektrisk kraft til fabrikken som Hofseth Biocare snart skal opne i Midsund etter ei utviding for 130 millionar kroner.
Nytt

- Straumnettet taklar ikkje eit grønt skifte

Kapasiteten i straumnettet er ikkje god nok til at elektrisk straum kan hjelpe oss å løyse klimakrisa, meiner kraftdirektør.

09.02.2021
NPK: – Vi er ikkje i nærleiken av å ha eit straumnett som svarar på desse utfordringane. Det grøne skiftet går fort. Meir enn 70 prosent av det innmelde behovet er komme inn i 2020, seier Ketil Tømmernes, direktør i kraftnett-selskapet BKK Nett til
Han meiner investeringa i nettet er altfor låg, og at planlegging og utbygging går mykje for seint til å svare på krava til elektrifisering av industri, ferjer, transport og oppdrett.

Fekk ikkje straum

Då Hofseth Biocare var godt i gang med å utvide fabrikken på Midsund oppdaga selskapet at den ikkje kunne få straum. Det var rett og slett ikke kapasitet i straumnettet til å forsyne fabrikken, som etter planen skal byrje prøveproduksjon i mars.
Konsekvensen av straummangelen var at fabrikken bygde eit gass-anlegg i staden, som skal forsyne fabrikken med den varmen som må til .

Istad Nett arbeider med ein plan for korleis straumforsyninga til Aukra og Midsund kan aukast. Eit tidspunkt for når kapasitetsutvidinga er gjort, og kor stor den blir er ikkje sett.
Istad Nett arbeider og med å sikre kraftforsyning for elferjer Molde-Vestnes og Aukra-Hollingsholmen, og til det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution ved Bud. Andre større kundetilknytninger er også under arbeid eller planlegging.
- Vi vil prøve å arbeide parallelt med å styrke forsyninga til Midsund, sa dagleg leiar Gerhard Eidså i Istad Nett til NETT NO i oktober 2020.

Industriprosjekt ventar på straum

Hofseth Biocare er ikkje åleine om å mangle straum.
BKK-direktøren seier at det ikkje er tradisjon for å satsa på infrastruktur i Noreg, og peikar på klimaplanen til regjeringa som no er til handsaming i Stortinget. Her er bodskapen at nettet fungerer og at planane for vidare styrking av nettet er tilstrekkelege.
Dette er ikkje Tømmernes samd i.
– Kysten av Vestland er raud sone. Vi har no ti gode og solide industriprosjekt som er sett på vent då vi ikkje kan levere kraft. Det er heller ikkje politisk vilje til å ta dei naudsynte grepa for rask utbygging. Med dagens rammeverk vil utbetringa ta lang tid, seier han.
Tømmernes meiner utviklinga no går så fort at tida er inne for å tenkja annleis, og byggje for ei framtid med langt høgare forbruk.

Tiltak i ny stortingsmelding

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Tony Christian Tiller (H), seier regjeringa jobbar med nettsituasjonen og viser til at klimaplanen blir følgd opp av ei ny stortingsmelding som kjem før sommaren.
– Her må vi sjå på kraftnettet, og om vi kan finne tiltak som gjer at mangel på nett-tilgang ikkje hindrar industriutvikling, seier statssekretæren.
Han peikar samstundes på at det er mange omsyn å ta.
– Utfordringa er heile tida å balansera med omsyn til natur og miljø, seier Tiller.

Publisert: 09.02.2021 11:06

Sist oppdatert: 02.03.2021 06:46