I sommar hopa det seg opp med trevirke på mottaket til Volda og Ørsta reinhaldsverk. Til slutt blei det så mykje at verksemda fekk plassproblem og frykta den ikke ville greie å bli kvitt avfallet.
Trevirket kjem i store grad frå riving av bygg og frå næringslivet. Reinhaldsverket kvernar det til flis og hentar ut mesteparten av spikar og anna metall ved hjelp av magnetar, før det blir sendt til forbrenninganlegg som lagar varme og straum.
- Dei tek berre mot rein treflis frå skog, seier John Arne Steinsvik i reinhaldsverket.
I staden har reinhaldsverket fått avtalar med svenske forbrenningsanlegg.
- I løpet av den siste månaden har det vorte køyrt 17 vogntog med kverna trevirke til svenske forbrenningsanlegg. Det utgjer 350 tonn, seier Steinsvik i ei pressemelding.
Medan sal av skrapmetall gir overskot er prisen dei svenske forbrenningsanlegga betalar ikkje høg nok til å dekke transportkostnadane, seier Steinsvik i pressemeldinga.
Trevirket kjem i store grad frå riving av bygg og frå næringslivet. Reinhaldsverket kvernar det til flis og hentar ut mesteparten av spikar og anna metall ved hjelp av magnetar, før det blir sendt til forbrenninganlegg som lagar varme og straum.
Ikkje reint nok
Det næraste forbrenningsanlegget er Tussa sitt fjernvarmeanelgg ved Ørsta sentrum, cirka fem kilometer unna, men dit går ikkje ferda. Flisa frå reinhaldsverket er ikkje rein nok.- Dei tek berre mot rein treflis frå skog, seier John Arne Steinsvik i reinhaldsverket.
I staden har reinhaldsverket fått avtalar med svenske forbrenningsanlegg.
- I løpet av den siste månaden har det vorte køyrt 17 vogntog med kverna trevirke til svenske forbrenningsanlegg. Det utgjer 350 tonn, seier Steinsvik i ei pressemelding.
Tek tap
Fliseksporten er ikkje lukrativ.Medan sal av skrapmetall gir overskot er prisen dei svenske forbrenningsanlegga betalar ikkje høg nok til å dekke transportkostnadane, seier Steinsvik i pressemeldinga.
Publisert: 04.09.2015 12:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46