Herøyselskapet Havøy kystfiske blir av dei to første frå Sunnmøre som satsar på det nye og spennande krabbefiskeriet som berre 6-7 norske båtar har kome i gang med til no.
I dag blir snøkrabben levert til eventyrlege prisar.
Prowess frå Austevoll er den einaste sørnorske båten som er igang med snøkrabbefisket som går føre seg langt til havs i Barentshavet. Snøkrabbe blei det nye for dei gamle sjøulkane John Olav og Karl Håkon Økland etter at dei gjekk ut av ringnot med salet av Ordinat.Deretter kjøpte dei ein skotsk ringnotsnurpar og bygde den om til krabbefiske.
Det seier Rune Sævik, som saman med broren Yngve eig femti prosent i Havøy kystfiske, saman med systra Beate og faren Kåre P. Sævik i Sævik Invest. Den andre halvparten er det Leidulf Helde, Jøran Helde og Trond Kvalsund som sit med.
Klarsinalet frå Fiskeridirektoratet kom for berre eit par dagar sidan, og dermed er det først no dei kan begynne å gjere alvor av det som til denne tid berre har vore tankar og planar.
Så ferskt er det at det enda ikkje er bestemt kva båten skal heite.
Stålegg er kjøpt frå Kvamsøy-reiarlaget Beitveit Havfiske for ein pris som dei nye eigarane ikkje ønskjer å gå ut med. Kvotane som Kvamsøy-reiarlaget sat med blei selde tidlegare i år.
Sævik Invest har ikkje hatt båt etter at dei selde den pelagiske trålaren Sævikson med kvotar for eit par år sidan.
- Vi må inn med heilt ny fabrikk, og båten må innreiast med fasilitetar for 25 mann, seier dei nye Stålegg-eigarane som trur største utfordringa kan bli å finne folk som vil vere med på det nye og for dei fleste ukjende fiskeriet.
Planen er at båten skal vere fangstklar innan utgangen av året.
Produksjonen om bord vil bestå i knekking, koking og frysing av klør. Resten av snøkrabben blir ikkje utnytta pr. i dag.
Rykta seier at snøkrabben finst over store havområde mellom Norge og Russland, oppover til Svalbard. Kor stor ressursen faktisk er, trengst det ein forskingsinnsats for å finne ut av.
Til denne tid har Polar Seafrozen kjøpt det meste av snøkrabben frå kanadiske båtar, men satsar no på å inngå avtalar også med norske snøkrabbefiskarar.
- Snøkrabben er veldig populær både i den amerikanske og asiatiske marknaden, seier Wang, og fortel at på grunn av minkande tilførsel frå Alaska har prisen på snøkrabbe gått kraftig opp det siste året.
Særleg den siste tida har snøkrabben gått til eventyrlege prisar på nærmare hundre kroner kiloen.
- Om denne prisen vil halde seg, er vanskeleg å seie, men også om den skulle gå noko ned bør det vere god økonomi i dei prosjekta vi no ser, seier dagleg leiar Bjørn Otterlei i Polar Seafrozen.
I dag blir snøkrabben levert til eventyrlege prisar.
To frå Sunnmøre
Frå før har Vatne-reiarlaget Grytafjord starta ombygging av kystsnurparen Harhaug frå not- til krabbefiske. Det stadfestar dagleg leiar Jarle Engeset, som fortel at dei så vidt er komne i gang med ombygginga og håper å vere klare ved juletider.Prowess frå Austevoll er den einaste sørnorske båten som er igang med snøkrabbefisket som går føre seg langt til havs i Barentshavet. Snøkrabbe blei det nye for dei gamle sjøulkane John Olav og Karl Håkon Økland etter at dei gjekk ut av ringnot med salet av Ordinat.Deretter kjøpte dei ein skotsk ringnotsnurpar og bygde den om til krabbefiske.
Får vere med frå starten
- Snøkrabbe er spennande på mange måtar. Her får vi vere med på starten av eit heilt nytt fiskeri. Det er det som er drivkrafta vår, men det betyr også at vi har svært lite å bygge på av eigne og andre sine erfaringar. Så her blir det opp til oss sjølve å vise om vi får det til.Det seier Rune Sævik, som saman med broren Yngve eig femti prosent i Havøy kystfiske, saman med systra Beate og faren Kåre P. Sævik i Sævik Invest. Den andre halvparten er det Leidulf Helde, Jøran Helde og Trond Kvalsund som sit med.
Rykande ferskt løyve
Med eit rykande ferskt løyve i handa kastar dei seg no over det som må gjerast for at båten skal bli sjøklar for heilt ny drift. Og det er ikkje lite.Klarsinalet frå Fiskeridirektoratet kom for berre eit par dagar sidan, og dermed er det først no dei kan begynne å gjere alvor av det som til denne tid berre har vore tankar og planar.
Så ferskt er det at det enda ikkje er bestemt kva båten skal heite.
Startar med blanke ark
- No har vi fått tak i båten, men utover det startar vi med heilt blanke ark, seier Havøy-investorane som fortell at dei har leita ei stund for å finne den rette båten.Stålegg er kjøpt frå Kvamsøy-reiarlaget Beitveit Havfiske for ein pris som dei nye eigarane ikkje ønskjer å gå ut med. Kvotane som Kvamsøy-reiarlaget sat med blei selde tidlegare i år.
Sævik Invest har ikkje hatt båt etter at dei selde den pelagiske trålaren Sævikson med kvotar for eit par år sidan.
Treng femti mann
Det einaste som er klart, er at dei nye snøkrabbefiskarane går ein travel haust i møte med ombygging og utrusting av båt, samt hyring av mannskap som det ikkje minst utfordrande. Heilårs drift krev eit samla mannskap på femti mann.- Vi må inn med heilt ny fabrikk, og båten må innreiast med fasilitetar for 25 mann, seier dei nye Stålegg-eigarane som trur største utfordringa kan bli å finne folk som vil vere med på det nye og for dei fleste ukjende fiskeriet.
Planen er at båten skal vere fangstklar innan utgangen av året.
Åtte tusen teiner
Kven som skal stå for ombygginga, er enda ikkje avgjort. Heller ikkje kven som skal levere teinebruket, men 8000 teiner og 200 kilometer med tau betyr at det blir ein bra ordre på dei som får jobben med å utruste den nye snøkrabbebåten.Produksjonen om bord vil bestå i knekking, koking og frysing av klør. Resten av snøkrabben blir ikkje utnytta pr. i dag.
Over store område
Inngangsbilletten til snøkrabbefisket består i dag av dispensasjon frå forbodet om å fiske snøkrabbe. På sikt er det imidlertid venta at det vil kome ei eller anna form for regulering også av dette fiskeriet.Rykta seier at snøkrabben finst over store havområde mellom Norge og Russland, oppover til Svalbard. Kor stor ressursen faktisk er, trengst det ein forskingsinnsats for å finne ut av.
Eventyrlege prisar
Satsar på snøkrabbe gjer også tradingselskapet Polar Seafrozen i Fosnavåg, der medeigar og samarbeidspartnar Sophie Wang er ansvarleg for den asiatiske marknaden for fisk og skaldyr.Til denne tid har Polar Seafrozen kjøpt det meste av snøkrabben frå kanadiske båtar, men satsar no på å inngå avtalar også med norske snøkrabbefiskarar.
- Snøkrabben er veldig populær både i den amerikanske og asiatiske marknaden, seier Wang, og fortel at på grunn av minkande tilførsel frå Alaska har prisen på snøkrabbe gått kraftig opp det siste året.
Særleg den siste tida har snøkrabben gått til eventyrlege prisar på nærmare hundre kroner kiloen.
- Om denne prisen vil halde seg, er vanskeleg å seie, men også om den skulle gå noko ned bør det vere god økonomi i dei prosjekta vi no ser, seier dagleg leiar Bjørn Otterlei i Polar Seafrozen.
No har vi fått tak i båten, men utover det startar vi med heilt blanke ark
Publisert: 20.11.2016 20:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59