– Gründerånda på Sunnmøre lever enno
Rekordmange nyetableringar i fjor. Heldigvis treng dei færraste bruke like store ressursar som Tau Tech for å kome i gong.
Viljen til å starte opp nye selskap på Nordvestlandet har vore jamt stigande, og trass koronapandemien var fjoråret ikkje noko unntak.
Tala over nyetablerte føretak peika vidare oppover i fjor. 1687 nye
føretak blei registrert i dei 20 kommunane på Nordvestlandet i fjor (sjå
lista under). Det er ei auke på nær åtte prosent frå førre rekordår
2020.
Nyetablerte føretak på Nordvestlandet
2021 | 2020 | |
ÅLESUND | 529 | 495 |
MOLDE | 208 | 192 |
KINN | 111 | 122 |
SULA | 85 | 53 |
STAD | 84 | 84 |
GLOPPEN | 74 | 40 |
STRYN | 69 | 47 |
VESTNES | 65 | 40 |
ULSTEIN | 61 | 46 |
ØRSTA | 61 | 64 |
HERØY | 60 | 92 |
VOLDA | 50 | 54 |
GISKE | 49 | 52 |
RAUMA | 44 | 44 |
STRANDA | 32 | 25 |
SYKKYLVEN | 30 | 51 |
VANYLVEN | 29 | 19 |
HAREID | 19 | 16 |
FJORD | 16 | 17 |
SANDE | 11 | 12 |
SUM | 1687 | 1565 |
Men ei av dei store utfordringane er å overleve dei første «gründeråra». NETT NO møtte fredag fleire av aktørane som har vore involverte for å stable Tau Tech-prosjektet på beina.
Selskapet som blei starta i 2016 har hatt lengre veg enn dei fleste til å starte verksemda. Denne veka blei det kjent at dei er sikra finansiering for å bygge om det tidlegare offshoreskipet til skjellsankaren Arctic Pearl.
– Klassifiserer til gagns
Stig Gjethammer i Eksfin (Eksportfinansiering Norge) har vore tett på satsinga
til skjellsankarane. Det statlege selskapet garanterer for 114 av dei
161 millionane det kostar å få bygd om innhaustingsskipet.
– Vi er opptekne av at haustinga skal være «grøn», og dette meiner vi klassifiserer til gagns. At ein kjem i gong med ein meir berekraftig fangstmetode, har vi lagt stor vekt på i vår kredittvurdering av prosjektet, fortel han.
Tau Tech toppar også lista over bedriftene på Nordvestlandet som fekk mest støtte fra Innovasjon Norge i fjor med 18,5 millioner kroner.
Har bygd opp nytt regelverk
Gjethammer i Eksfin er imponert over «stayerevna» til gründerane og
korleis dei har kombinert «ungt pågangsmot» med «vaksne nestorar».
– Dei er eit eksempel på at grunderånda på Sunnmøre lever enno. Det er enkelte som meiner den er vekke, men det er eg ikkje einig i, legg han til.
Han er spesielt imponert over kor mykje tid dei har brukt på arbeidet med regelverket.
– Dei har vore med å bygge opp eit nytt regelverk for dette fisket saman med Fiskeridirektoratet, påpeiker han.
(saka held fram under)
–Vist «stayerevne»
Torstein Heggstad leier Sparebanken Vest sitt Ålesund-kontor. Han har
saman med rådgjevar Marte Rødset vore mellom dei som har hatt mest å gjere med Tau
Tech-prosjektet.
– Gründerane har vist «stayerevne» gjennom seks-sju år. Drivkrafta,
evnen og viljen til å få til noko, er rett og slett imponerande, fortel
han.
Sparebanken Vest garanterer for 30 prosen av prisen for å bygge skipet.
Drivkrafta, evnen og viljen til å få til noko, er rett og slett imponerande
Heggstad fortel at Tau Tech «ticker av» i dei fleste boksane for kva banken vil å bidra til.
– Det er snakk om lokal verdiskaping, utstrekt brukt av lokale underleverandørar, og så kjem vi rett inn i sirkulærøkonomien der vi får gjenbruke tonnasje langs kysten, fortel han.
Har utvikla ny fangstmetode
Det har vore forbod mot å fiske etter haneskjell sidan 1990-talet fordi fangstmetoden har vore lite skånsam mot havbotnen.
Dette meiner Tau Tech dei har løyst med ein «støvsugar» som sankar skjell frå havbotnen – utan å øydelegge faunaen.
– Det er utruleg spennande at dei kan utnytte dei marine ressursane i havet på ein slik måte, seier banksjef Heggstad.
Marte Rødset i banken har bakgrunn frå offshorefinansiering, og hatt Tau Tech som sitt første fiskeriprosjekt.
– Omstillingsevnen i den maritime klynga er viktig. Korleis vi skal halde på den kompetansen vi har, og utnytte den lokalt er avgjerande. Her er Tau Tech eit godt eksempel på korleis det blir gjort.
(saka held fram under)
Lufta ideen for sonen
Jan Rogne er Tau Tech sin prosjektleiar for ombygginga som no skal gjerast ved Fiskerstrand Verft. Han er også den som hadde ideen til korleis innhaustinga av skjella kunne gjerast.
Han fortel at satsinga tok form etter at han fortalde sonen Bernt, i lag med Sverre Olav Farstad og Øystein Tvedt, om prosjektet.
– Vi sat i ei hytte på Bjorli då eg lufta først ideane for dei andre. I etterkant har dei gjort ein imponerande innsats både inn mot Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet og bevilgande myndigheiter, fortel han.
I dag er Tvedt dagleg leiar i selskapet, Farstad har hand om det operative, medan sonen Bernt leier arbeidet med sal og marknad.
(saka held fram under)
Nytta kontakter
Undervegs trengde Tau Tech-gründerane hjelp og kunnskap om
subseaoperasjonar. Då var det naturleg for Jan Rogne å kontakte ein
bekjent han hadde hatt kontakt med frå den maritime klynga.
– Bjørn Roppen kjem frå Ulmatec og har jobba innafor bransjen i heile sitt liv, fortel Rogne.
Roppen skal leie utviklingsavdelinga som Tau Tech startar opp i Ulsteinvik. I Ålesund blir det bygd opp eit reiarlagskontor som vil stå for det administrative kring dei rundt 50 sjøfolka som snart blir tilsett.
Sjølv har Jan Rogne solid erfaring frå fiskeri og offshore, og lang erfaring som inspektør og teknisk sjef i større reiarlag.
Publisert: 22.01.2022 05:55
Sist oppdatert: 25.01.2022 09:41