Carl Magnus Hegde Næss foto marius
NY JOBB: Carl Magnus Hegde Næss er utdanna siviløkonom og har lang erfaring innan eigedomsutvikling. No har han fått ny jobb. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Næringsforumleiar går til Sydvestor

For andre gong på kort tid har ein leiar av Ulstein Næringsforum funne nye utfordringar.

Marius Rosbach
09.03.2022

Sydvestor har tilsett Carl Magnus Hegde Næss (44) som ny medarbeider innan «corporate finance» og prosjektfinansiering. Han kjem frå rolla som dagleg leiar i Ulstein Næringsforum der han starta i fjor haust.

Tidlegare leiar av Ulstein Næringsforum, Daniel Garden, slutta i rolla tidlegare i 2021, og starta i ny jobb ved ÅKP i fjor sommar.

Vil bygge «solid eigedomsportefølje»
Næss har lang erfaring med eigedomsutvikling og har tidlegare vore eigedomssjef i OBOS Eigedom.

– Eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene hos Sydvestor. Selskapet er eit spennande foretak med verksemd i mange bransjar, også i den eg har jobba mest i. Jeg trur og håpar mi erfaring og kompetanse frå eigedomsbransjen vil være nyttig for Sydvestor, og at vi kan bygge ein solid egiendomsportefølje og mange gode prosjekt framover, uttaler Næss.

Austlendingen flytta til Ulsteinvik frå Gjerdrum då han starta i jobben i fjor haust, og kona vaks opp i nabokommunen Hareid.

Oppteken av bærekraft

Næss er oppteken av miljø og bærekraft, og fleire av prosjekta han har hatt ansvar for, er miljøklassifisert.

– Denne erfaringa vil bli viktigare i fremtida, når både marknaden, styresmakter og finansielle instituasjonar vil stille stadig strengare krav til temaet, mellom anna gjennom EUs taksonomi, skriv Sydvestor i meldinga.

Han har jobba mange år med å utvikle kontorarbeidsplasser. I næringsforumet har han mellom anna vore involvert i arbeidet med å opprette fjernarbeidsplassar i Ulsteinvik.

Opna Bergen-kontor i fjor
Jostein Sætrenes tok nyleg over som ny Sydvestor-sjef etter grunnleggaren Frede Uldbæk.

Verdipapirselskapet etablerte seg i fjor utanfor Nordvestlandet med kontor i Bergen, der Tom Elvøy jobbar.

Sydvestor jobbar i dag med ulike prosjekt og selskap innan brønnbåt-, arbeidsbåt-, fisketransportbåt-, vindmølle-, passasjer- og vedlikehalds- og ekspedisjonscruisebåt-bransjen.

Publisert: 09.03.2022 08:55

Sist oppdatert: 09.03.2022 09:25

Mer om