På dagens generalforsamling i Rem Offshore ville Stig Remøy ha inn Rolf Nilsen i styret i Rem Offshore, eit selskap som vert kontrollert av Stig sin bror Åge.
Forslaget gjekk ut på å auke styret frå fire til fem representantar, ved at Rolf Nilsen vart den femte.
Dermed held Rem-styret fram som før, med Peter Knudsen som styreleiar, og Inger Marie Sperre, Maria Remøy Aurvåg og islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson som styremedlemar.
Mar Baldvinsson held fram i styret, sjølv om han har seld seg ut av Rem Offshore.
Totalt er det berre 70 aksjonærar i selskapet, der dei ti største eig 98,82 prosent av aksjane.
Generalforsamlinga vedtok samstundes å gi styret fullmakt å kjøpe eigne aksjar i selskapet for totalt samla pålydande på inntil to millionar kroner. Fullmakta gjeld inntil 30. juni 2015, og aksjane kan handlast innanfor eit intervall på mellom 30 og 70 kroner aksjen.
Stig Remøy-selskapa Olympic Ship og Olympic Nor røysta imot denne styrefullmakta på generalforsamlinga.
er heile rapporten.
Forslaget gjekk ut på å auke styret frå fire til fem representantar, ved at Rolf Nilsen vart den femte.
Mar Baldvinsson held fram
Under avrøystinga fekk dei Stig Remøy-kontrollerte selskapa Olympic Ship og Olympic Nor 11,1 av røystene, og tapte dermed kampen.Dermed held Rem-styret fram som før, med Peter Knudsen som styreleiar, og Inger Marie Sperre, Maria Remøy Aurvåg og islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson som styremedlemar.
Mar Baldvinsson held fram i styret, sjølv om han har seld seg ut av Rem Offshore.
70 aksjonærar
Stig Remøy eig rundt 10 prosent av Rem Offshore, medan Åge Remøy kontrollerer rundt 80 prosent av selskapet. Tredje største aksjonær er Vard Group med knappe fem prosent.Totalt er det berre 70 aksjonærar i selskapet, der dei ti største eig 98,82 prosent av aksjane.
Utbyte
På generalforsamlinga vart det bestemt å betale eit utbyte for 2013 på 1,50 kroner per aksje. Dette vil gi Åge Remøy rundt 25 millionar kroner, medan Stig gjennom sine selskap vil få utbetalt rundt tre millionar.Generalforsamlinga vedtok samstundes å gi styret fullmakt å kjøpe eigne aksjar i selskapet for totalt samla pålydande på inntil to millionar kroner. Fullmakta gjeld inntil 30. juni 2015, og aksjane kan handlast innanfor eit intervall på mellom 30 og 70 kroner aksjen.
Stig Remøy-selskapa Olympic Ship og Olympic Nor røysta imot denne styrefullmakta på generalforsamlinga.
er heile rapporten.
Publisert: 05.06.2014 21:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33