Ole søvik 22 foto marius
VIL TA GREP: Kommunalsjef Ole Søvik for miljø og byutvikling i Ålesund fortel at kommunen vil ta grep for å få ned tida dei nyttar til å handsame byggesaker. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tar grep for å betre saksbehandlingstida

Utbyggjarar fortvilar over tempoet i byggesaker. – Eit reelt problem, seier kommunalsjef som forsikrar at det blir tatt grep.

Marius Rosbach
28.10.2021

Sunnmørsposten har i fleire artiklar omtala frustrasjonen kring saksbehandlingstida hos utbyggjarar i Ålesund.

Kommunalsjef Ole Andreas Søvik for miljø og byutvikling i Ålesund kommune lovar at det blir teke grep for å betre situasjonen.

– Det er eit reelt problem. Sjølv om vi stort sett held dei lovpålagde fristane, så oppfattar næringslivet at desse er for lange, fortel Søvik til NETT NO.

Han stadfestar at det også gir økonomiske tap for utbyggjarar, slik det har kome fram i artiklane i Sunnmørsposten.

Vil vurdere digital «hurtigløysing»
Kommunalsjefen fortel at dei vil få opp kapasiteten i sakshandsaminga ved å fylle på to ekstra stillingar i neste års budsjett. I tillegg har dei moglegheit til å gjere grep når tilsettingsstoppen er over om nokre veker.

– Vi veit at det har blitt opna for raskare digital sakshandsaming i tilfelle der det ikkje er noko spørsmål som må svarast ut. Slike type løysingar kan vi sjå på, legg Søvik til.

Ikkje aktuelt å ta ekstra betalt
Utbyggjar Steinar Lausund i Mostein har i intervju med Sunnmørsposten sagt seg villig til å bidra med pengar for å få opp tempoet.

Ei slik løysing er uaktuell, ifølge kommunalsjefen. Søvik fortel at det mellom anna skal ligge eit sjølvkostprinsipp i botnen for desse offentlege tenestene.

– Det kan vise seg vanskeleg å finne lovlege løysningar som prioriterer saksbehandlingstid i enkeltsaker basert på at ein utbyggjar vil betale ekstra, fortel han.

Vil ikkje ha auka gebyr
Auka gebyr er ein anna moglegheit for å auke tempoet. Daglig leiar Jan-Magnus Knudsen i Møre Hus seier til Sunnmørsposten at det ikkje er no god løysing.

Han meiner det kan gi negativ effekt på utviklinga, og viser også til at gebyrene har auka etter kommunesamanslåinga.

Publisert: 28.10.2021 14:23

Sist oppdatert: 28.10.2021 14:34

Mer om