Ocean Forest IKKE GJENBRUK foto npk
– SMAKAR GODT: – Tare er rik på umamismak. Det er jo ein litt framand smak for nokre, men det smakar godt, seier dagleg leiar i Ocean Forest Harald Sveier. Foto: Tore Andre Kjetland Fjeldsbø / Bellona / NPK
Nytt

Tarenæringa forbigått i havbruksmeldinga

Bransjen ristar på hovudet over at dei ikkje er nemnde.

NPK
13.05.2025

(NPK – Kenneth Sjøvold): Tang og tare kan erstatte både fôr, plast og drivstoff, men næringa som utgjer to tredelar av havbruket i verda, utgjer berre ein prosent i Noreg. 

Tarenæringa ristar på hovudet over havbruksmeldinga, der dei ikkje er nemnde.

Under havoverflata på vestlandskysten ligg det rammeverk svære som fotballbaner. På tvers av rammene går det tau og på desse har det vakse tare sidan september i fjor. No blir den verdifulle biomassen dradd opp på haustebåten, som perler på ei snor.

– Dei orda kan du telje på éi hand
Det er så vidt mobildekning på båten der Harald Sveier har vore om bord dei siste tre dagane. Han er dagleg leiar i Ocean Forest, ein av dei største tareprodusentane i Europa.

– Den havbruksmeldinga som har komme no, kor mange ord står det om tare der?

Sveier svarer sjølv på sitt eige spørsmål.

– Dei orda kan du telje på éi hand, seier han til Nynorsk pressekontor.

Kan erstatte plast
Tare, blåskjel og turnikatar er eksempel på lågtrofiske artar, som betyr at dei er lågt i næringskjeda. Dei treng verken fôr, landareal eller ferskvatn for å vekse.

– Dette er definitivt ein del av framtida. Noreg som havnasjon bør i mykje større grad stimulere til at også den verksemda kjem på plass, seier Sveier.

Ocean Forest, som er sameigd av sjømatkonsernet Lerøy og miljøstiftinga Bellona, jobbar med å utvikle teknologi for å produsere lågtrofiske artar.

Prosjektleiar for bioøkonomi Alexander Ugland i Bellona fortel at biomassen frå havet kan erstatte mange ting som er belastande for miljøet.

– Dyrefôr, plast, energi og drivstoff, alt vi produserer av fossilt i dag, kan vi produsere av biomasse.

Når regjeringa no kjem med ei havbruksmelding, som skal legge rammeverket for framtidas havbruk, er Sveier og Ugland skuffa over at det ikkje er større fokus på denne næringa.

Må gjere jobben sjølv
På verdsbasis er om lag to tredelar av alt havbruk lågtrofisk, mens i Noreg er under ein prosent av havbruket av denne typen. Her er det oppdrettslaksen som dominerer.

Forskingsinstituttet Sintef har anslått at Noreg innan 2050 har potensial til å produsere 20 millionar tonn tang og tare, til ein verdi av 40 millionar kroner.

Likevel produserte vi i 2024 ikkje meir enn 3000 tonn lågtrofiske artar. Norwegian Seaweed Association (NSA) har som mål at Noreg skal tidoble produksjonen til 300.000 tonn tare innan 2030.

Det er eit stykke unna innrømmer rådgivar Marit Gjerstad i NSA.

– Havbruksmeldinga er sinnssjukt skuffande. Det blir ein lengre veg når vi ikkje har støtte frå staten.

Ho fortel at ein viktig del av jobben for næringa er å overtale kommunar til å gi sette av areal i til dyrking i kystsonene.

– Der kunne havbruksmeldinga vore god for oss, der ein gav eit tydeleg signal til lokale myndigheiter og forvaltning om at dette er noko vi vil snakke om. Men då må vi gjere det arbeidet sjølve, seier ho.

Konkurrerer med laksen
Mens dei i Kina kan reise ut med lettbåt, hente taren og legge han til tørk i sola, er det større produksjons- og driftskostnader i Noreg.

Ifølge Ugland slit mindre selskap med å etablere seg. Han trur fleire investorar vil bli interesserte viss dei ser at Noreg legg meir til rette for lågtrofisk havbruk.

– Sånn havbruksmeldinga ser ut no, er ho ikkje bra. Vi må legge av areal, så taren ikkje konkurrerer med laksen, for då vil laksen alltid vinne. Då vil vi ikkje få den veksten i det heile tatt, seier han.

Havbruksmeldinga, som blei lagt fram i april, er no på høyring fram til tysdag 13. mai. I juni skal ho behandlast i Stortinget.

Ingen mål for tare
Statssekretær Even Tronstad Sagebakken i Nærings- og fiskeridepartementet seier at regjeringa ikkje har eit talfesta mål for kor mykje tare som skal produserast.

– Kvifor fokuserer ikkje havbruksmeldinga meir på å legge til rette for lågtrofisk havbruk?

– Med meldinga ynskjer regjeringa å legge til rette for høgast mogleg verdiskaping innanfor berekraftige rammer. Dette inneber at regelverket er teknologinøytralt, og at det gir aktørane moglegheit til å drifte slik dei sjølve finn det mest hensiktsmessig – både når det gjeld artar og produksjonsmetodar, så lenge dei driftar innanfor akseptable påverknader, skriv han i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

– For å utvikle oppdrett på alle artar har vi eit omfattande verkemiddelapparat, og regjeringa legg vekt på å ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utvikling av nye artar.

(©NPK)

Publisert: 13.05.2025 11:25

Sist oppdatert: 13.05.2025 11:25

Mer om