Harald Sveier IKKE GJENBRUK foto npk 11
INNHAUSTING: Harald Sveier hjelper til med innhausting av tare. Foto: Ocean Harvest.
Nytt

Ventar gjennombrot for tang og tare

Etterspurnaden internasjonalt er enorm. I Norge opplever bransjen at dei ofte får avslag på etablering.

14.12.2023

(NPK – Bent Tandstad): Etterspurnaden etter tang og tare internasjonalt er enorm. I år kjem den norske produksjonen opp i 600 tonn, men ambisjonen er 300.000 tonn i året innan ti år.

Ifølgje Sintef er det mogleg å produsere 20 millionar tonn innan 2050. Forbruket i verda i dag ligg på rundt 35 millionar tonn.

Produksjon av tang og tare skjer i dag langs heile kysten, ikkje minst på Vestlandet, der selskapet Ocean Forest held til.

– Lokale kommunestyre og statsforvaltaren stansar ofte tildeling av lokalitetar for produksjon av tare og tang, sjølv om næringa opplever å ha sterk støtte frå sentrale styresmakter, seier Ocean Forest-direktør, Harald Sveier.

– Blir sett i same kategori som lakseoppdrett
Sveier trur manglande kunnskap er årsaka til at mange kommunar og statsforvaltarar ikkje vil gi løyve til produksjon av tang og tare i sine fjordar.

– Vi blir sett i same kategori som lakseoppdrett, men vi er langt meir berekraftige. Vi brukar areal i sjøen, det er det. Vi treng ikkje fôr, ferskvatn eller landareal. Taren tek opp i seg fosfor, nitrogen og CO2 frå sjøen, så vi snakkar her om ein grøn industri, seier han.

Harald Sveier IKKE GJENBRUK foto npk 22
STOR ETTERSPURNAD: Harald Sveier viser fram nyhausta tare på anlegget Flatøyflu i Hordaland. Internasjonalt er det stort etterspurnad, men i Norge er industrien i startgropa. Foto: Silje Katrin Robinson.

Treng meir areal
Sveier er klokkeklar på at dersom næringa skal vekse, er det heilt naudsynt med ei meir dynamisk arealtildeling enn det som er tilfelle i dag.

Det er arbeid på gang som kan endre på dette, men det skal lagast mange utgreiingar, det skal gjennom mange høyringsrundar på mange plan, og det kjem til å ta mange år. Og mange i næringa er utolmodige.

Direktøren fortel at oppdrettsgiganten Lerøy har to selskap. Saman med miljøorganisasjonen Bellona, starta dei selskapet Ocean Forest. Dei driv med forsking, utvikling og industrialisering av næringa. Så er det Ocean Harvest, som driv kommersiell produksjon av tang og tare.

Ventar gjennombrott innan eitt til tre år
– Eg reknar med at den norske næringa vil få eit skikkeleg gjennombrot innan eitt til tre år. Og næringa kan bli enorm. I verda i dag blir det dyrka 11 gonger meir tare enn laks. Einaste innsatsfaktoren er sjøareal, og her i landet har vi sju gonger større sjøareal enn landareal, seier Sveier.

I Asia er produksjon av tang og tare ein gigantisk industri, men det er ei lite kjend næring i Nord-Europa. Sveier meiner Europa og USA kjem til å bli dei viktigaste marknadene for norsk tang og tare.

Dei fleste selskapa som driv med dette i dag er enno er i gründerfasen, men nokre få har kome så langt at dei kan seiast å drive tilnærma industrielt. Selskapa tener pengar, men går ikkje med overskot.

Håpar å kome på nivå med den norske laksen
– Vi har ambisjonar og vi har trua. Vi har eit godt omdømme både her i landet og internasjonalt. Noko av det viktigaste kommunane kan gjere er å gi konsesjonar til selskap som vil satse på tare og tang, seier Heidi Meland, dagleg leiar i Norwegian Seaweed Association, der rundt 30 taresatsande selskap er med.

Håpet er at dei i samarbeid med blant andre Noregs sjømatråd skal få norsk tang og tare opp på det nivået den norske laksen har i dag internasjonalt.

Tang og tare har mange bruksområde. Internasjonalt er det mat og ingrediensar til mat som er dominerande, men mykje går også til dyre- og fiskefôr. Det blir også brukt i tekstilar, til gjødsel, kosmetikk og produksjon av medisinsk utstyr blant anna.

– I verkeleg tidlege tider var tare og tang ein viktig del av kosthaldet her i landet. Vi veit at det er rikt på vitamin og mineral, og at det er godt for immunforsvaret og tarmsystemet. Saltet i desse produkta er langt mindre skadeleg enn natriumklorid, og produksjonen er langt meir berekraftig enn til dømes lakseoppdrett, seier Meland.

Grønsak frå havet
I dag blir det teke ut meir tare gjennom taretråling enn frå dyrking, men det er stor optimisme i selskapa som i dag satsar på produksjon. Heidi Meland er oppteken av at dei skal presentere ei merkevare som spelar på fortrinna våre. Bransjen har utvikla eit felles merke: Seagreens of Norway.

– Vi har signal frå blant anna Tyskland om at det er stor interesse for dei norske produkta. Vi spelar på at tang og tare er ei grønsak frå havet, og det er svært attraktivt i den stadig aukande veganmarknaden, seier ho.

Fakta om tare og tang

  • Sukkertare, som det er mykje av på norskekysten, har eit svært høgt innhald av jod.
  • Butare, ein brunalge, finst langs kysten frå Mandal til Finnmark, pluss på Svalbard.
  • Havsalat, ein grønalge, er også vanleg langs heile kysten.
  • Søl, ein raudalge, er vanleg langs heile kysten.
  • Våren er den beste tida å hauste tare, då er det nye friske blad utan påvekst av andre artar.
  • Det er mange måtar å bruke tang og tare i kosten. Her er nokre tips:
  • Mikroalgar kan setjast i brøddeigen, tørkast og brukast som te eller som smak i supper og gryter.
  • Eit dryss med tørka tare i staden for salt er godt på til dømes egg, poteter og i salatar.
  • Pakk inn fisk i tang og tare og bak fisken i omnen eller legg han på grillen.

Ei ung næring
– Vi er klare til å vere ein vesentleg bidragsytar for næringa. Det er for tidleg å sjå på konkrete summar, fordi tang og tare som næring framleis er i ein tidleg fase i sjølve utviklinga av konsumprodukt. Det er viktig at vi byggjer ein strategi basert på innsikt og marknadsanalysar, seier direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd.

Han meiner at næringa har eit stort potensial for eksport, spesielt i Asia, der tang og tare alt er etablerte produkt. Han er også klar på at tang- og tare-næringa må byggjast over tid, og at Sjømatrådet har god erfaring med å byggje opp produkt som ein gong hadde same utgangspunkt som tang og tare har no. Han viser til kongekrabbe, snøkrabbe og kamskjel.

– Vi må sjå det over ein periode på tre år. Det er avhengig av kor travelt næringa sjølv har det og kor raskt ein kan kome i gang med å produsere konsumprodukt, seier Chramer til Nynorsk pressekontor.

Jod-utfordringar
Det er brei semje i fagmiljøa om at tang og tare har eit stort potensial, men at det må utviklast metodar for å regulere mengda av jod. Ein del arter har eit høgt innhald av jod, og det er viktig at det ikkje er for mykje av dette stoffet. Passelege mengder er bra for kroppen, men for store mengder kan vere skadeleg og gi negative helseeffektar. På same måte er for lite jod i kroppen også skadeleg for helsa, så her er det viktig å finne balansen.

Det er greitt å vite at dersom det er trygt å plukke til dømes blåskjel i eit område, så er det også trygt å samle tang og tare. Om ein ikkje vil gå ut i sjøen og sanke det sjølv, er det mogleg å kjøpe tare frå profesjonelle taredyrkarar.

Dei fleste tareartane er ufarlege å ete, men det er ikkje alt som smakar godt. Tare gjer det mogleg å redusere saltmengda i mat.

Raudalgen søl har ein kraftig smak som kan minne om bacon. Havsalaten har ein mildare smak, medan sukkertare og butare gir ein smak av salt og sjø. I tillegg kjem det ekspertane kallar umami – den femte smaken, som fungere som ein smaksforsterkar for dei andre matvarene. Altså at smaken deira kjem betre fram når dei blir etne saman med tare.

(©NPK)

Publisert: 14.12.2023 14:09

Sist oppdatert: 14.12.2023 14:09

Mer om