Kelpinor, der Hermann Peter Schips frå Volda, er ein av gründerane, har nyleg fått oppstartspris og vekstkapital, ifølgje Sunnmørsposten.
Kelpinor held til i Gildeskål kommune sør for Bodø, der sunnmøringen har busett sett. Prisen fekk dei frå Bodø Næringsforum.
– Vi har akkurat landa ein emisjon på 2,7 millionar kroner. Det er avgjerande for den vidare satsinga, fortel han vidare til avisa.
Pengane skal nyttast til eksportframstøyt i Tyskland, der Kelpinor sitt produkt brukast i jordbruket for å «booste» gjødsla.
Les meir om Schips under:
Publisert: 28.10.2024 09:32
Sist oppdatert: 29.10.2024 08:37