Teige i pluss
PLUSS: Opptur for Sigurd Teige og familieselskapet Kaston.
Nytt

Teige i pluss

Sigurd Teige-kontrollerte Kaston snudde minus til pluss i fjor etter eit bra år for Medi3.

13.08.2016
Herøy-baserte Kaston eig 22,7 prosent av Medi3, men sit på 65 prosent av A-aksjane. At selskapet i 2015 hadde eit resultat på 8,5 millionar kroner før skatt, bidrog sterkt til at Teige og familien fekk eit plussresultat i Kaston.

Les her:


Fleire av dei heileigde Kaston-selskapa sleit med innteninga i fjor. Det største selskapet, , forbetra resultatet kraftig, og enda så vidt i pluss etter å ha fått tilkjent erstatning frå Jotun som følgje av at Jotun terminerte ein langsiktig avtale mellom partane.

Kråkebollar

Eigedomsselskapet Sentrumsteigen gjekk med 0,2 millionar kroner i minus, medan Elfo Eiendom bikka så vidt i pluss. Det same galdt Silfas, medan Kaston International enda på 0,3 millionar i minus.
Kaston International har nyleg fått avtale om å produserer og selge kråkebollefôr som er utvikla hos den norske forskingsinstitusjonen Nofima.
Avtalen er inngått med det japanske selskapet Nosan, som er ein del av Mitsubishi-konsernet, og Kaston har lisens frå Nofima på å kommersialisere fôret i Japan.

Les her:


Brønnbåt-satsing

Kaston har investert i ei rekkje andre selskap, mellom anna fem millionar kroner i brønnbåten Inter Caledonia og 1,1 millionar kroner i brønnbåtselskapet Intership.
Kaston eig også 50 prosent av Strandteigen, 12 prosent av Global Fish og 5 prosent i Teigebris.
Selskapet hadde også 22,3 prosent av aksjane i Sewage Treatment Plants, men selde seg ut i år.
Kaston har samla 55 millionar kroner i gjeld og ein eigenkapitalandel på solide 78 prosent.
Sigurd Teige eig 54,3 prosent av selskapet, medan resten er likt fordelt mellom Jan Treje Teige, Agathe Teige Eiksund og Alexander Teige.
Eigarane fordelte eit utbyte på 2,9 millionar kroner for fjoråret.

Publisert: 13.08.2016 06:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59