Herøy-reiarlaget Teigenes, med brørne Sigurd og Knut Teige på eigarsida, har kjøpt alle aksjane i selskapet som har eigd dei to pelagiske anlegga i Liavåg og Florø. Denne handelen kan få eit rettsleg etterspel ettersom Pelagia har sett fram krav om forkjøpsrett til eigedomane dei har leigd for produksjon av pelagisk fisk.
- Det er opp til Sigurd Teige å avgjere om vi skal få til ei minneleg løysing eller om saka må gjennom rettsapparatet for å bli avgjort.
Slik kommenterer Egil Magne Haugstad, dagleg leiar i Pelagia, striden som har oppstått etter at Teigenes kjøpte alle aksjane i eigedomsselskapet Schombrus for 80 millionar kroner.
Transaksjonen blei gjennomført i mars månad.
- For oss er dette førebels ei finansiell investering, seier Sigurd Teige, som med aksjelova i hand har avvist kravet om forkjøpsrett frå leigetakarane.
Teige ønskjer ikkje å gi ytterlegare kommentarar til striden med Pelagia, men viser til at kjøpet er gjort med bakgrunn i ein avtale om utleige av anlegga fram til 2022.
- Dette har ikkje noko med aksjelova å gjere, parerer Haugstad, og viser til at det er leigavtalen mellom Pelagia, og Scombrus som utleigar, som gir Pelagia rett til å kjøpe eigedomane i Liavåg og Florø i samsvar med Løysingslova.
Mange av aksjonærane hadde gitt uttrykk for ønskje om å realisere aksjane sine, og for Pelagia vil anlegg med leigeavtalar vere vanskeleg å utvikle. Dersom Pelagia sine med planar om ei industriell og langsiktig satsing skal inkludere disse anlegga, ville opphøyr av leigeavtalene vere nødvendige, presiserer han.
Driftstida på anlegga er no nede i tretti dagar i løpet av eit år. Dette er ikkje haldbart, og Pelagia har sett på mulegheiter for jamnare og meir samanhengande drift både i Liavåg og Florø.
- Men for oss er det heilt uaktuelt å ta ei slik satsing på anlegg vi ikkje eig, understrekar Haugstad.
I staden for å akseptere tilbodet frå Pelagia, valde Scombrus-aksjonærane å selje til Teigenes som la på bordet eit høgare bod.
Haugstad seier han tek til etterretning at samtlege aksjonærar valde å selje til Teigenes.
- Men når aksjane blei selde, så følgjer det av husleigeavtalen at vi har rett til å kjøpe eigedomane. Dette har med Løysingslova å gjere, seier Haugstad og viser til at husleigeavtalen som gir Pelagia rett til å kjøpe har Sigurd Teige sjølv skrive under på både som utleigar og leigetaker i eigenskap av styreleiar i Norway Pelagic i si tid.
- Det er no opp til Teige å godta ei minneleg løysing. Viss ikkje må saka løysast i tråd med bestemmelsane i husleigeavtalen som inneber ei skjønsmessig vurdering av verdien på eigendomane. For oss er det rimeleg klart at marknadsverdien er lavere enn det Teige nå er tilbode, seier Haugstad.
- Det er opp til Sigurd Teige å avgjere om vi skal få til ei minneleg løysing eller om saka må gjennom rettsapparatet for å bli avgjort.
Slik kommenterer Egil Magne Haugstad, dagleg leiar i Pelagia, striden som har oppstått etter at Teigenes kjøpte alle aksjane i eigedomsselskapet Schombrus for 80 millionar kroner.
Transaksjonen blei gjennomført i mars månad.
Aksjelov mot løysingslov
Før salet til Teigenes besto Scombrus av 10-12 fiskeritilknytta selskap, mellom dei sunnmørsreiarlaga Strand Senior, Fiskeskjær og Kings Bay. Største eigarar var Hoddevik-familien gjennom selskapa Thonipa og Brødrene Hoddevik.- For oss er dette førebels ei finansiell investering, seier Sigurd Teige, som med aksjelova i hand har avvist kravet om forkjøpsrett frå leigetakarane.
Teige ønskjer ikkje å gi ytterlegare kommentarar til striden med Pelagia, men viser til at kjøpet er gjort med bakgrunn i ein avtale om utleige av anlegga fram til 2022.
- Dette har ikkje noko med aksjelova å gjere, parerer Haugstad, og viser til at det er leigavtalen mellom Pelagia, og Scombrus som utleigar, som gir Pelagia rett til å kjøpe eigedomane i Liavåg og Florø i samsvar med Løysingslova.
Ute etter å kjøpe
Haugstad viser til at Pelagia over et par år har drøfta mulegheitene for å kjøpe aksjane i Scombrus. Dette vart gjort etter initiativ frå styret i Scombrus.Mange av aksjonærane hadde gitt uttrykk for ønskje om å realisere aksjane sine, og for Pelagia vil anlegg med leigeavtalar vere vanskeleg å utvikle. Dersom Pelagia sine med planar om ei industriell og langsiktig satsing skal inkludere disse anlegga, ville opphøyr av leigeavtalene vere nødvendige, presiserer han.
Driftstida på anlegga er no nede i tretti dagar i løpet av eit år. Dette er ikkje haldbart, og Pelagia har sett på mulegheiter for jamnare og meir samanhengande drift både i Liavåg og Florø.
- Men for oss er det heilt uaktuelt å ta ei slik satsing på anlegg vi ikkje eig, understrekar Haugstad.
I staden for å akseptere tilbodet frå Pelagia, valde Scombrus-aksjonærane å selje til Teigenes som la på bordet eit høgare bod.
Haugstad seier han tek til etterretning at samtlege aksjonærar valde å selje til Teigenes.
- Men når aksjane blei selde, så følgjer det av husleigeavtalen at vi har rett til å kjøpe eigedomane. Dette har med Løysingslova å gjere, seier Haugstad og viser til at husleigeavtalen som gir Pelagia rett til å kjøpe har Sigurd Teige sjølv skrive under på både som utleigar og leigetaker i eigenskap av styreleiar i Norway Pelagic i si tid.
Frist til torsdag
Ifylgje Haugstad har Teigenes fått frist til torsdag med å godta tilbod om ei minneleg ordning som Pelagia har sett fram. Tilbodet medfører ein viss prisreduksjon i forhold til dei 80 millionane som Teigenes betalte for selskapet.- Det er no opp til Teige å godta ei minneleg løysing. Viss ikkje må saka løysast i tråd med bestemmelsane i husleigeavtalen som inneber ei skjønsmessig vurdering av verdien på eigendomane. For oss er det rimeleg klart at marknadsverdien er lavere enn det Teige nå er tilbode, seier Haugstad.
Det er opp til Sigurd Teige å avgjere om vi skal få til ei minneleg løysing
Publisert: 13.04.2016 05:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55