Tek ikkje Hafast-val før neste år
Planlegging av bru over Sulafjorden er mellom prosjekta som blir forseinka grunna budsjettkutt.
Reduserte løyvingar på statsbudsjettet til samferdsel gir
konsekvensar for framdrifta for ein rekke vegprosjekt, også for Statens
vegvesen på Nordvestlandet.
Ein reduksjon på planleggingsmiddel på kring 30 prosent, gjer mellom anna at anbefaling av brukonsept for ny E39 over Sulafjorden, må vente til 2024.
– Vi hadde ein ambisjon om å få gjort det i løpet av 2023, men vi slit med å gjennomføre alle operasjonane vi er avhengige av for å få til det i år, seier prosjektdirektør Ove Nesje i Statens vegvesen til NETT NO.
Kryssing av Sulafjorden er eit omfattande prosjekt som er planlagt mellom Hareid og Sula på E39-strekninga Furene-Vegsund.
Allereie i fleire år er det gjort målingar av vind, straum og bølgjer. Dette måleprogrammet skal gå som planlagt til april 2024. Vegvesenet fekk i fjor inn ulike forslag til brukonsept.
– No skal vi førebu, gjennomføre og evaluere kostnadsanslaga for dei ulike konsepta, før vi kjem med ei anbefaling om kva brukonsept som blir valt, seier Nesje.
Får størst pott til planlegging
Utbyggingsdirektøren seier det er for tidleg å seie kor langt ut i 2024 det vil gå, før ei avgjerd vil vere på plass.
– Det er ein kabal som skal leggjast med planleggingsmiddel i heile vegvesenet, fortel han.
Sjølv om statsbudsjettet blei vedteke før jul, er førebels ikkje pengane endeleg fordelt på dei konkrete prosjekta. Det er likevel Sulafjord-prosjektet som får den største potten til planlegging for Statens vegvesen i midt-Norge i år.
Mindre til E39 Ålesund-Molde
Ny E39 mellom Ålesund og Molde er ei anna strekning vegvesenet planlegg vidare. Her dreiar det meste seg om traseen mellom Ålesund og Ørskog.
Strekninga er inne i gjeldande Nasjonal Transportplan for 2022-2033, men fordi det blir nytta mindre enn 25 millionar i 2023, er den ikkje nemnt i statsbudsjettet.
Også her blir omfanget av planlegging redusert i år, kunne samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) opplyse i eit svar på spørsmål til Frank Sve (Frp) i Stortinget denne veka.
Publisert: 19.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 18.01.2023 22:35