Tek med alle tilsette til Italia
JUBILEUM: Sverre A. Farstad og dei andre eigarane av Tyrholm & Farstad leverer gode resultat. No feirar selskapet 100 år og tek med alle tilsette med følgje til Italia. 
Nytt

Tek med alle tilsette til Italia

Tyrholm & Farstad lever godt på solide aksjeutbyte frå Farstad Shipping. 24. oktober er Ålesund-selskapet 100 år. Det skal feirast.

29.07.2014
- Ja, vi er skikkeleg stolte over at vi fyller 100 år, seier adm. dir. Jan Arve Hoseth.
Jubileumet skal mellom anna markerast med eit stort arrangement for selskapet sine kundar under Jugendfesten i august.
- I tillegg tek vi med oss alle medarbeidarar med følgje til Italia i ei langhelg i september, seier Hoseth.

Storeigar i Farstad Shipping

Han leier eit svært solid selskap. Ikkje minst hjelper det på at selskapet eig 15,7 millionar aksjar i Farstad Shipping etter at selskapet i 1993 la shippingdelen inn i Farstad Shipping. Aksjeposten utgjer 40,5 prosent av offshoreselskapet.
I ei lang rekkje år har Tyrholm & Farstad levd godt på solide aksjeutbyte frå Farstad Shipping. I 2013 vart utbytet på 48 millionar kroner, på same nivå som i 2012.
Men selskapet tener også bra på den øvrige drifta, der spedisjon og frakt står sentralt. Forretningsområda omfattar alt frå fly-, bil- og båtfrakt til klareringsoppdrag, fryselager og terminaltenester.

Prispress

I tillegg har selskapet eigne avdelingar for eigedom og finans. Mellom anna eig selskapet Grimmergata 5 i Ålesund, og har investert stort i Skansekaia Utvikling. Selskapet har også eigarinteresser i Keiser Wilhelm-kvartalet, KS Ålesund Stadion, Sparebanken Møre, Panoro Energy og Boligeiendom Berlin.
- Vi er godt fornøgd med resultatet av drifta i 2013, seier Hoseth.
Han opplyser at hittil i 2014 er aktivitetsnivået på line med fjoråret.
- Marginane i logistikkbransjen er små, og det er prispress i marknaden.

Liten mellom store

Han seier at selskapet er ein liten aktør mellom store internasjonale aktørar.
- Vårt mål er å kunne tilby kundane høg kompetanse, personleg kontakt og oppfølging, i tillegg til gode logistikkløysingar.
I perioden 2009 til og med 2013 har driftsinntektene for selskapet variert frå 55 til 74 millionar kroner, med 73,7 millionar kroner i fjor. Resultatet før skatt har på sin side variert frå 49 til 82 millionar, med 55,8 millionar i 2013.

Utbytemaskin

Selskapet har opparbeidd seg ein solid totalkapital på 473 millionar kroner og har ein eigenkapitaldel på 67,8 prosent.
For eigarane har også selskapet vore ei solid utbytemaskin. I 2013 vart utbytet på 54,1 millionar kroner.
Tyrholm & Farstad er heileigd av Farstad-familen, der Sverre A. Farstad er hovedaksjonær (40,1 prosent) gjennom selskapet ASK. Jan Henry Farstad og familien eig 34,7 prosent gjennom Farstad Holding, medan Erik Farstad eig 25,2 prosent gjennom Seamt Invest.

Starta med dampbåtar

Men det heile starta 24. oktober 1914 då ålesundaren Peter Otto Tyrholm starta selskapet Otto Tyrholm og satsa på agentverksemd for dampbåtar som kom til Ålesund. Fire år seinare starta Sverre A. Farstad i selskapet, og i 1921 vart Farstad partner.
I 1946 skifta selskapet namn til dagens Tyrholm & Farstad, og i 1949 overtok Farstad heile selskapet. Frå å vere forsynar av tenester til flåten i Ålsund, satsa selskapet på heile Sunnmøre, og vart i 1958 generalagent for Braathens Safe då flyplassen på Vigra opna.
Selskapet satsa etter kvart meir inn mot shipping, og i 1993 vart shippingdelen overtatt av Farstad Shipping, med Tyrholm & Farstad som betydeleg aksjonær.
I 1998 vart selskapet Til & Fra etablert, eit selskap som no opererer under Bring Express Ålesund. I 2000 vart terminalen i Skutvika ferdig, der den fysiske handteringa av godset vert gjennomført, medan den nye flyfrakt-terminalen på Vigra var ferdig i 2009.
Tyrholm & Farstad hadde ved siste årsskifte 43 tilsette. No ventar det Italia-tur på alle, saman med følgje for dei som ønskjer det.
Marginane i logistikkbransjen er små, og det er prispress i marknaden

Publisert: 29.07.2014 10:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:35