Offshorereiarlaget Havila Shipping har leigd inn Arctic Securities til å hjelpe seg med å få obligasjonslånet på plass.
Først skal det arrangerast fleire investormøte, deretter skal det toårige obligasjonslånet takast opp, skriv selskapet i ei børsmelding.
Det er refinansieringsavtalen som blei inngått i 2020 som er bakgrunnen for at Havila Shipping går ut i obligasjonsmarknaden no.
Avtalen gav långivarane mellom anna rett til å gjere om gjeld til aksjar ved utløpet av 2024. 30. desember forfell 1,022 milliardar av gjelda til betaling. 522 millionar kroner blir gjort om til aksjar, 500 millionar kroner skal gjerast opp kontant.
Det er den tilbakebetalinga det nye lånet skal finansiere.
Det er selskapet Havila Finans som skal ta opp obligasjonslånet, og låner pengane vidare til datterselskap av Havila Shipping, for å betale attende lån.
Ikke ferdig
Havila Shipping er ikkje ferdig med refinansieringar ved komande årsskifte.
Eigarane av 151 millionar kroner i renteberande gjeld har forlenga låneavtalen ut 2025. Dei eig og ei ikkje renteberande gjeld på 617 millionar kroner.
Det betyr at alle vilkåra i refinansieringsavtalen frå 2020 først blir oppfyllt innan årsskiftet 2025/2026.
Konsekvensen er uansett den same. Eksisterande eigarar, med unntak av hovudaksjonæren Havila Holding, blir kraftig utvatna når gjeld blir gjort om til aksjar. Havila Holding vil konvertere deler av eit likviditetslån på 100 millionar kroner og opprettheld dermed sin eigarandel på 50,96 prosent.
Publisert: 09.12.2024 08:57
Sist oppdatert: 09.12.2024 08:57