Beitveit Holding Sea Liberty Sea Admiral foto Beitveit Holding
TO BÅTER: Beitveit Holding eig og driv avlusing/servicefartøya Sea Admiral og Sea Liberty. Foto: Beitveit Holding
Nytt

Tener godt på kamp mot lakselus

Med båt nummer to i arbeid frå i fjor sommar auka inntektene kraftig for Beitveit Holding.

02.04.2024

Etter at brørne Kenneth André og Ronny Endre Beitveit i Kvamsøy-selskapet Beitveit Holding selde fiskebåten Stålegg i 2019, satsa dei på avlusingsfartøy/servicebåtar for oppdrettnæringa.

Det blei god butikk, som resultattabellen under viser.

Begge fartøya, Sea Liberty og Sea Admiral, er ombygde offshorefartøy som er utstyrt for avlusing av oppdrettsfiske og utstyrt med kraner for å også kunne arbeide som servicefartøy for oppdrettsnæringa.

Passe store
Tilsaman 180-195 millionar kroner er investert i kjøp og ombygging av fartøya, seier dagleg leiar og medeigar Kenneth André Beitveit til NETT NO.

No er selskapet blitt passe stort, med 42 tilsette, og har ikkje planar om ytterlegare fartøy, ifølgje Beitveit.

Lange kontrakter
Begge fartøya er utleigde på lange kontrakter med oppdrett og fiskerikonsernet Lerøy Group.

Sea Liberty fornya kontrakten sin frå januar i år. Den nye kontrakten er på to år pluss opsjonar. Sea Admiral er utleigd ut 2025, pluss opsjonar.

Beitveit Holding As
Tal i mill. kroner

2023

2022
Driftsinntekt91,155,0
Driftsresultat35,224,2
Resultat før skatt28,523,5

Publisert: 02.04.2024 11:23

Sist oppdatert: 02.04.2024 19:44

Mer om